Barnedauden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barnedauden var ein pestepidemi som braut ut i Noreg i 1359-60, og som i endå større grad enn svartedauden eller «den store mannedauden» råka dei yngste årsklassane.

Barn kan ha vore spesielt utsette for smitte, sidan dei ikkje hadde motstandskraft i same grad som dei vaksne som hadde gjennomlevd ein pestepidemi ti år tidlegare. Barnedøyinga medførte at tendensen til ny vekst i folketalet etter svartedauden vart snudd, ein situasjon som heldt fram som følgje av nye pestutbrot utover seinmellomalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]