Barneheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjukepleiarar soler babyar på ein barneheim i Davos i 1930.

Barneheim er ein institusjon der barn som foreldra av ein eller annan grunn ikkje kan ta vare på. Foreldra kan til dømes vera døde, fattige, ha psykiske eller stoffproblem, eller ikkje makta å passa barna fordi dei er åleine om det, enten fordi dei er enkjer/enkjemenn eller fordi barna er fødd utanfor ekteskap. Barn med åtferdsproblem så store at foreldre ikkje klarer handtera dei i ein vanleg heim kan også plasserast i ein barneheim i noko eller delar av tida.

Bruken av barneheimar varierer mellom samfunn og tidsrom. Dei var utbreidde i Vesten frå 1800-talet til midten av 1900-talet, men har sidan blitt bygde ned på grunn av dårlege erfaringar. Barn som veks opp på barneheim får ofte ikkje den nødvendige vaksenomsorga, kan bli institusjonaliserte og kan lett bli utsette for overgrep. Ein legg i staden vekt på å plassera barn i foster- eller adoptivfamiliar. Fleire andre stader i verda er barneheimar framleis i utstrekt bruk.

Tidlege barneheimar i Noreg blei kalla waisenhus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Barneheim
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.