Barneoppseding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei jente lager kaker med bestemor si i ei positiv oppleving som del av oppsedinga.
Foto: Gaijin Biker
Ein gråtande gut blir dratt i øyret av bestemor si. Måleri av Georgios Iakovidis (1853-1932)

Barneoppseding eller oppdraging er ein prosess som føregår frå fødsel til vaksen alder der barn lærer normene i eit samfunn. Ein bruker ulike middel i oppseding, som ros, straff eller å vera eit føredøme. Oppsedinga kan føregå medvite, basert på ein viss filosofi eller pedagogikk, eller meir «naturleg» og umedvite. Synet på kva som er god barneoppseding er knytt til kulturen ein høyrer til.

Dei som står bak oppsedinga er som regel nære eldre slektningar av barnet, men også resten av samfunnet i form av naboar, lærarar eller andre institusjonstilsette kan delta i sosialiseringsprosessen. Som regel er foreldre dei viktigaste barneoppsedarane, men eldre søsken, besteforeldre, tanter og onklar kan òg spela ein stor rolle.

Teoriar[endre | endre wikiteksten]

Tenkarar har kome fram til mange ulike teoriar om barneoppseding.

Jean-Jacques Rousseau (1712-1778) la i verket Emile fram ei mest mogleg naturleg oppseding som skulle hjelpa barnet til å styrka kroppen og sinnet, og framfor alt hjelpa det til å utvikla medkjensle.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.