Barnetrygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barnetrygd er ei statleg yting gjeven til foreldre eller verjer av barn og ungdommar i visse samanhengar. Ei slik trygd kan vera behovsprøvd eller ikkje. Ho kan også vera avhengig av at ein sender barn til skule, vaksinerer dei og liknande.[1]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg blir barnetrygd gjeven til foreldre med barn under 18 år som bur i Noreg. Utbetalinga skjer frå månaden etter at barnet er fødd, og varer til månaden før barnet fyller 18 år. Iverksettinga skjer automatisk så snart barnet er tildelt eit fødselsnummer i folkeregisteret. Einslege forsørgarar får barnetrygd for eitt barn meir enn det dei faktisk forsørger, men må søka om dette og dokumentere statusen sin som einsleg forsørgar.

Ordninga er administrert av NAV. Barnetrygda er kr 1054 pr måned per barn (frå 1. mars 2019)[2]. I 2018 blei det til saman utbetalt 14,6 milliardar kroner til 721 000 mottakarar av barnetrygd.[3]

Den moderne barnetrygda blei innført i 1946 under Einar Gerhardsen si andre regjering. Før dette var det ei avgrensa barnetrygdordning for visse yrkesgrupper, betalt av arbeidsgjevaren, som blei innført i desember 1944 av Vidkun Quisling si andre regjering (Lov om barnetilskott til visse arbeidstakere av 5.12.1944, som trødde i kraft frå 1.1.1945). Det var alt i 1937 blitt lagt fram eit utkast til barnetrygdlov av Barnetrygdkomiteen, som var nedsett i 1934, men arbeidet med barnetrygd stoppa opp på grunn av okkupasjonen.[4] Loven frå 1944 bygga på arbeidet til barnetrygdkomiteen, men var avgrensa til pliktige medlemmer av sjuketrygda.[4] Loven blei oppheva av Stortinget under samlingsregjeringa, men ei allmenn, behovsprøva barnetrygd blei innført i januar 1946 av Einar Gerhardsen si første regjering.

Fram til 1970 var det berre einslege forsørgarar som fekk barnetrygd for førstefødde barn. Gifte fekk barnetrygd frå og med barn nummer to. Den øvre aldersgrensa for barnetrygd blei heva frå 16 til 18 år frå og med mai 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Conditional Cash tr Ansfers» (PDF). The World Bank. Henta 13. oktober 2013. 
  2. «Barnetrygden øker fra 1. mars 2019 - www.nav.no». NAV (på norsk). Arkivert frå originalen 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019. 
  3. «Nav utbetalte 1,2 milliarder kroner hver dag i fjor». ABC Nyheter (på norsk). 9. april 2019. Henta 9. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Rundskriv. Lov om barnetrygd - Hovednr. 33 Generell del. (1.2 Historikk)». Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 29. januar 2014. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.