Barometrisk fallrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barometrisk fallrøyr er eit apparat som vert nytta til å føre væskemengder bort frå utstyr som står under vakuum (trykk lågare enn atmosfæretrykket), til dømes innsprøytingskondensatorar og inndamparar. Barometrisk fallrøyr er eit langt vertikalt røyr som vert ført ned under væskeoverflata i ein behaldar. Dersom væska er vatn, må det barometiske fallrøyret vere minst 10 meter høgt for å kunne stå imot tilnærma vakuum, men er væska tyngre enn vatn, til dømes ein base, kan røyret gjerast kortare. Barometrisk fallrøyr er ein særs enkel innretning som virkar automatisk og vert derfor nytta i industrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]