Audun Hugleikson Hestakorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audun Hugleikson Hestakorn
Statsborgarskap Noreg
Fødd ca. 1245
Jølster kommune
Død

2. desember 1302 (57 år)
Bergen

Yrke politikar, diplomat
Audun Hugleikson Hestakorn på Commons
Audun Hugleikson sitt segl. Ein kan òg sjå merket på ein minnestein om Hugleikson som er reist der bygdehuset Borgja pleidde å stå på Ålhus i Jølster.
Auduns skjoldmerke (Fargane er rekonstruerte)

Baron Audun Hugleikson Hestakorn (f. 1240-åra, d. 2. desember 1302) var ein stormann i kongeriket Noreg1200-talet. Han vert rekna som ein viktig politikar og jurist for si tid, og ein trur han hadde ei sentral rolle i utforminga av det norske lovverket i mellomalderen (Landslova, Bylova og Hirdskrå). Frå 1280 fram mot hundreårsskiftet fekk han stadig viktigare stillingar i statsleiinga. Mellom anna hadde han sete i kongens råd under Magnus Lagabøte og kong Eirik Magnusson, tenestegjorde som stallareadvokat»), fehirde («skatteminister») og bar tittelen baron.

Audun Hugleikson førte opp noko so sjeldant i norsk samanheng som eit slott eller ei borg i stein på Ålhus i Jølster, der han hadde slektsrøtene sine på farssida. Far til Audun ser ut til å ha høyrt til i lågadelen, men hadde truleg ikkje nokon særs høg posisjon i samfunnet. Morsslekta var frå austlandet og var truleg nært i slekt med kong Håkon Håkonsson (1204-1263).

Audun vart hengd på Nordnes i Bergen den 2. desember 1302.

I 1959 vart det sett opp eit monument over Audun Hugleikson i Jølster, laga av bilethoggaren Anne Grimdalen.

På Ålhus i Jølster held ein annankvart år Hugleiksonspelet bygd på eit manus av Edvard Hoem. Spelet dreg mellom anna kjende stam-skodespelarar som t.d. Bjørn Sundquist.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På 1200-talet opplevde Noreg ei enorm stordomstid under leiing av kong Håkon Håkonsson. Nasjonen la krav på landområda Island, Grønland, dei nordlege og vestlege delane av - og øyene nord for Skottland, inklusive Færøyane, medan kongen m.a. gifta dottera si inn i den spanske kongefamilien. Samstundes reknar ein at borgarkrigstida enda kring 1240.

Kongen la stor vekt på å halde på freden og å stabilisere kongeriket og ønskte, som fleire andre kongar i Europa på 1200-talet, å skape eit stabiliserande lovverk. I samband med det ønsket vart unge nordmenn sende til sør-europeiske universitet for å studere, og ein trur Audun Hugleikson var ein av desse.

Innflytingsrik lovmann[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1269 og 1281, hovudsakleg under kong Magnus Lagabøte, vart det norske og islandske lovverket kraftig reformert, og Audun kan ha spela ei rolle i det arbeidet, som mellom anna samla det meste av norske lover i eitt lovverk (Landslova). Islandske kjelder omtalar han som den visaste mannen i Landslova.

Gjennom Hirdskrå (kongens og dei handgjengne mennene si lovbok) vart store mengder europeiske tradisjonar innførte i det norske statsstyret. Her vart mellom anna gamle norske adelstitlar gjevne europeiske namn. Til dømes vart lendmenn etterkvart kalla baronar, og Hugleikson sjølv vart ein av desse baronane med eige sete i kongens råd.

Ei open og krass konflikt mellom kyrkja og kongsrådet under barnekongen Eirik Magnusson førte i 1282 til at erkebiskop Jon Raude vart tvinga ut av landet, og at fleire framtredande baronar i Noreg vart bannlyste av kyrkja. Denne bannlysinga råka aldri Hugleikson, som gav store delar av jordgodset sitt til kyrkja i 1281, midt under striden.

Utanrikspolitikar og diplomat[endre | endre wikiteksten]

Våpenskjoldet til Audun Hugleikson ser ut til å ha vore inspirert av engelske kongeskjold. I tillegg har skjoldet ei rose sett inn i ein krans av liljer, eit heidersmerke den skotske kongen pleidde gje til skotske adelsmenn. Liljerosa kan stamme frå drøftingane som Audun leia om norsk-skotske landområde i andre halvdel av 1200-talet. Desse drøftingane var svært viktige for den ustabile økonomien i kongeriket Noreg. Det kan sjå ut som om Audun ofte vart send som diplomat når det var snakk om store mogelege inntekter til staten:

Då den franske kongen søkte allierte til ein krig mot den engelske kongen rundt tusenårsskiftet mellom 12- og 1300-talet førte Audun Hugleikson drøftingane mellom den norske og den franske kongen. I oktober, 1295 signerte Audun, på vegne av Noreg, ein avtale om at Noreg ville stille 300 skip og meir enn 33 000 soldatar, noko det er lite truleg at landet kunne drive fram på denne tida. Til gjengjeld hadde Hugleikson med seg 6000 mark sterling (1200 kg) reint sølv heim att til Noreg og kunne betale tilbake den norske utanriksgjelda.

I tillegg førte Hugleikson ordet i fleirfaldige drøftingar mellom Noreg og andre europeiske stormakter i samtida.

Daud[endre | endre wikiteksten]

I den siste delen av livet trekte Hugleikson lenger bak i kulissane, men heldt plassen som «skatteminister» heilt fram til kong Eirik Magnusson (f.1268) døydde i 1299 og vart etterfølgt av bror sin, tidlegare hertug Håkon Magnusson (1270-1319). Nokre dagar etter at han kom til makta vart Hugleikson fengsla.

Hugleikson sat i fengsel i tre år, fram til han vart dømd til døden seint på året i 1302, og heile eigedomen has lagt under kongen. Han vart hengd søndag den 2. desember 1302, første søndag i advent.

Henging vart rekna som den mest audmjukande av alle avrettingsmetodar i mellomalderen, so det er tydeleg at Hugleikson vart dømd for noko som vart rekna som eit direkte brotsverk mot kongen. Samstundes står det ikkje nedfelt nokon stad kva som var årsaka til dødsdomen. I ettertid breidde det seg folkeforteljingar og -viser om Audun Hugleikson. Fleire av desse freista forklare kvifor han vart hengd, mellom anna vert dødsdomen omtala i folkevisa om Audun Hugleikson som er nedfelt på Færøyane.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Den nye kongen (Håkon Magnusson) flytta hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Akershus og bygde dei utanrikspolitiske linene sine austover, noko som gjekk mot den lina kongemakta tidlegare hadde følgd. Etter ei stund hamna Noreg under sterk utanlandsk innverknad.

Audun Hugleikson vart «den siste» representanten for den sterke norske nord-atlantiske stormakta (Noregsveldet).

Les òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]