Barrel of Butter

Koordinatar: 58°53′26″N 3°07′34″W / 58.8905°N 3.126°W / 58.8905; -3.126
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°53′26″N 3°07′34″W / 58.8905°N 3.126°W / 58.8905; -3.126

Barrel of Butter
øy
Land  Skottland
Del av Orknøyane
Kart
Barrel of Butter
58°53′26″N 3°07′34″W / 58.8905°N 3.126°W / 58.8905; -3.126
Wikimedia Commons: Barrel of Butter

Barrel of Butter («Smørtønna») er ei klippe i Orknøyane. Ho består av gammal raud sandstein frå devontida. Det finst ikkje jord på klippa.[1]

Ho ligg i Scapa Flow, mellom Mainland og Cava. I nord ligg Orphir og i sør Flotta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klippa har ikkje fått namnet sitt etter forma eller plasseringa, som ofte er tilfelle, men frå den årlege leiga som vart betalt for klippa av innbyggjarane på Orphir. For ei tønne med smør kvart år, fekk dei løyve frå den lokale godseigaren å jakte sel på klippa.[1]

21. juni 1919 vart fleire tyske skip bora i senk i farvatnet mellom Barrel of Butter og Cava, mellom anna «Bayern», «Markgraf», «Köln», «Dresden» og «König». Somme av desse er populære dykkemål.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.