Hopp til innhald

Barriereøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barriereøyar ved Mobile Bay i Mexikogolfen.

Ei barriereøy er ei lang og relativt smal øy som ligg parallelt med kysten. Ho er bygd opp av sediment, hovudsakleg sand og grus. Bak barriereøya, det vil seia mellom øya og fastlandet, ligg ein lagune der det finst meir finkornmateriale. Øya verker som eit skjold som vernar fastlandet mot erosjon frå bølgjer.[1]