Barrow-in-Furness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barrow-in-Furness

Plassering
Barrow-in-Furness is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cumbria
Distrikt Barrow-in-Furness
Grunnlagd 1867
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

71 980
Koordinatar 54°07′″N 3°13′″WKoordinatar: 54°07′″N 3°13′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer LA13-LA16
Telefon-retningsnummer 01229
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barrow-in-Furness

Barrow-in-Furness er ein mellomstor industriby i Cumbria, nordvest i England, kjent for skipsbyggingstradisjonane sine. Byen som oftast berre forkortast til Barrow ligg ytst på Furnesshalvøya sørvest i grevskapet Cumbria.

Barrow er den største byen i distriktet Barrow-in-Furness[1] og det største folkesenteret på Furness.

Han var berre ein liten landsby heilt til midt på 1800-talet, då den industrielle revolusjonen gav startskotet til eksplosiv vekst. Byen vart heimstad for fleire stål- og jernverk, og det verna sundet mellom halvøya og Walney Island gav den perfekte plasseringa for etableringa av skipsverft.

Den opphavlege drivkrafta kom med utbygginga av jarnbana til området, men på slutten av 1800-talet var Barrow heimstad for det største stålverket i verda, omfram at byen alt var det store senteret for skipsbygging han enno er.[2]

Skipsverftet vart ein storskala produsent av marinefartøy og spesialiserte seg i aukande grad på undervassbåtar. Dei siste 60 åra utgjorde atomubåtar størstedelen av produksjonen. Alle Vanguard-klasse ubåtane i Storbritannia, utstyrt med Trident-rakettar, som utgjer hovuddelen av den kjernefysiske slagkrafta til Storbritannia, vart bygd ved skipsverftet i Barrow. Slutten av den kalde krigen, og dei påfølgjande kutta i militære budsjett, medførde stor arbeidsløyse i området.

Barrow-in-Furness er heimbyen til fotballaget Barrow AFC og til rugbylaget Barrow Raidars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cumbria's Population in Urban Areas 2003, 5.mai 2007.
  2. Barrow Museum Mission Statement, Dock Museum website, PR.5.mai 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]