Barry Goldberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barry Goldberg
Barry Goldberg -- The Rides, Jun 2016.jpg
Goldberg på scenen 2. juni 2016 med The Rides
Fødd25. desember 1942 (78 år)
FødestadChicago i USA
FødenamnBarry Joseph Goldberg
OpphavUSA
SjangerRock, blues
InstrumentKlaverinstrument
Tilknytte artistarThe Electric Flag, Steve Miller Band, Barry Goldberg Reunion, The Rides, Chicago Loop, Carla Olson, Bob Dylan, Percy Sledge
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Barry Joseph Goldberg (fødd 25. desember 1942) er ein USA-amerikansk blues- og rockeklaverspelar, og plateprodusent.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som tenåring i Chicago, spelte Goldberg med Muddy Waters, Otis Rush og Howlin' Wolf. Han spelte klaverinstrument med Paul Butterfield Blues Band og akkompagnerte Bob Dylan på den «elektriske» konserten hans i 1965 på Newport Folk Festival. Han skipa The Electric Flag i lag med Mike Bloomfield i 1967, og seinare 'Barry Goldberg Reunion' i 1968.[1]

Songane til Goldberg (somme skrivne i lag med Gerry Goffin) er blitt spelt inn av mange artistar, som Rod Stewart, Gladys Knight, Joe Cocker, Steve Miller, Bobby «Blue» Bland, Gram Parsons og B.J. Thomas.

Godlberg spelte òg med Leonard CohenDeath of a Ladies' Man, The RamonesEnd of the Century, The Flying Burrito BrothersThe Gilded Palace of Sin og Super Session med Michael Bloomfield, Stephen Stills og Al Kooper.

Goldberg var medprodusent for Percy Sledge på mellom anna Blue Night og Shining Through the Rain, Charlie Musselwhite, James Cotton, The Textones og på Bob Dylan-utgåva av Curtis Mayfield sin «People Get Ready».

I 1992 spelte han klaverinstrument med Carla Olson & Mick Taylor, som gav ut konsertalbumet Too Hot for Snakes.

I 2005-2006 turnerte han med 'Chicago Blues Reunion' med Nick Gravenites, Harvey Mandel, Tracy Nelson og Corky Siegel.

I 2012 henta Stephen Stills inn Goldberg til eit nytt band kalla The Rides.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Blowing My Mind (Epic LP: BN-26199; CD-utgåve: Collectables COL-5884 in 1998, and Acadia ACA-8048
  • 1968: There's No Hole in My Soul (Buddah LP: BDS-5012; CD-utgåve: One Way OW-24833 in 1992)
  • 1969: Two Jews Blues (Buddah LP: BDS-5029; CD-utgåve: One Way OW-27672 in 1993)
  • 1969: Street Man (Buddah LP: BDS-5051)
  • 1970: Ivar Avenue Reunion (RCA LP: LSP-4442) med Neil Merryweather, Lynn Carey, Charlie Musselwhite
  • 1971: Blasts From My Past (Buddah LP: BDS-5081) samleplate There's No Hole in My Soul og Two Jews Blues
  • 1972: Barry Goldberg and Friends (Record Man/Cherry Red LP: CR-5015) med Harvey Mandel, Mike Bloomfield
  • 1974: Barry Goldberg (Atco LP: SD-7040; CD-utgåve: Micro Werks MW-032 in 2009) produsert av Bob Dylan og Jerry Wexler
  • 1976: Barry Goldberg & Friends Recorded Live (Buddah LP: BDS-5684)
  • 2002: Stoned Again (Antone's/Texas Music Group ANT-0058) produsert av Carla Olson
  • 2005: Chicago Blues Reunion: Buried Alive in the Blues (Out Of The Box Records 3016) med Nick Gravenites, Harvey Mandel, Tracy Nelson, Sam Lay, Corky Siegel
  • 2008: Harvey Mandel and the Snake Crew (sjølvutgjeve) med Marcy Levy, Norton Buffalo, Nick Gravenites, Michael Borbridge, Pete Sears, Elvin Bishop, Terry Haggerty, Freddie Roulette, Howard Wales, Mic Gillette og andre.
  • 2018: In the Groove (Sunset Blvd Records SBR-7931) produsert av Carla Olson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Barry Goldberg» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2020.
  • Larkin, Colin. The Guinness Encyclopedia of Popular Music, Guinness Publishing, 1992.
  • Muirhead, Bert. The Record Producers File. A Directory of Rock Album Producers 1962–1984, Blandford Press, 1985.
  • Wright, H. Stephen; Limbacher, James L. Keeping Score. Film and Television Music, 1980–1988, Scarecrow Press, 1991.
  1. Michael Simmons (28. desember 2009). «Barry Goldberg & Bob Dylan's Secret Gem». Huffington Post.