Barsnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°15′21.733″N 7°9′8.1756″E

Barsnesfjorden
Sogndalsfjøra og Loftesnesbrua med Barsnesfjorden bakom

Barsnesfjorden er den inste delen av Sogndalsfjorden på nordsida av Sognefjorden i Sogndal kommune. Fjorden startar på nordsida av Loftesnessundet ved Sogndalsfjøra og held fram 5 km nordover.

Den 210 meter lange Loftesnesbrua langs riksveg 5 kryssar Loftesnessundet. 2 km inn i fjorden ligg grenda Barsnes, som fjorden er kalla opp etter, på sørvestsida av fjorden og grenda Kvam på nordaustsida. Her svingar fjorden austover før han ved grenda Ølnes svingar nordover det vesle stykket inn til botn av fjorden ved Nagløyri.

Riksveg 55 går langs vest og nordsida av fjorden.