Barstad i Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barstad i Vartdal
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6174 BARSTADVIK
Gardnummer 90
Tuna på Barstad ligg langs Fylkesvegen. Husa nærmast fjorden høyrer til Lynge.

Barstad i Vartdal er ein matrikkelgard i tidlegare Vartdal kommune, noverande Ørsta kommune. Matrikkelgarden har gardsnummer 90 i Ørsta.

Garden ligg på ei slette i bygda Barstadvik, ved Storfjorden. Garden ligg på sørsida av Storelva i dalføret. Han vert avgrensa av Storelva, og av matrikkelgardane Melbø (i nordaust) og Lynge (i sørvest).

Tre brukarar på Barstad skatta til tiendpenningskatten i 1520. I 1603 var det sju brukarar av garden. Talet på gardsbruk låg frå sju til ni dei neste 250 åra, husa låg då i eit klyngjetun. Garden vart utskift i åra 1868-70, frå siste tiåra av hundreåret vart elles fleire av bruka på Barstad delt i to. Gardsbruka vart då liggjande langsetter bygdevegen (til Erdal).

Før eit stormver skadde og øydela mange av husa på garden i siste halvdel av 1700-talet, låg klyngjetunet nærare Storelva. Etter dette flytta brukarane vestover mot fjellfoten til nytt klyngjetun. Garden hadde seter på Barstadsætra 5 km unna klyngjetunet.

Frå kring 1905 fekk Barstad busetjing som ikkje var knytt til landbruk. I fyrste omgang kom denne nær fjorden og Vartdalsstrandvegen, seinare og framover på sletta. Vegen langs Vartdalsstranda frå grannebygda Bukta vart bygd i 1873-74. Denne vegen vart omlagd i perioden 1956-58, då strekninga vart del av hovudveg-sambandet mellom Bergen og Ålesund, noverande Europaveg 39. Hovudtilkomst mellom bruka og i bygda elles er Fylkesveg 5910.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 47 personar (9 heimar)
  • 1865: 47 personar (8 heimar)
  • 1900: 76 personar (11 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900