Barstadvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barstadvik
stad
Barstadvik sett på veg mot Ramoen
Land  Noreg
Kart
Barstadvik
62°21′29″N 6°15′28″E / 62.35797306°N 6.257915°E / 62.35797306; 6.257915
Barstadvik sett frå Storfjorden

Barstadvik er ei bygd på Vartdalsstranda i Ørsta kommuneSunnmøre.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Barstadvik er ein dal med godt jordbruksland i dalbotnen og høge fjell på kvar side av dalen. Barstaddalen ligg nord-sør mot Storfjorden i nord. På vestsida av dalen ligg fjellet Klovekinn med den karakteristiske Masdalskloven med toppen Klovetinden 949 moh. På austsida av dalen ligg Romestrandshornet 911 moh. og Ramoen 1419 moh. Ein sidedal til Barstaddalen er Molladalen, ein dalbotn omkransa av høgalpint landskap med piggar og taggar som vert mykje brukt av fjellklatrarar.

Nedom Coop-Marked Barstadvik, ligg badestranda Playa del Kaia. Playa del Kaia er ein fin liten sandstrand.[1] Om sommaren er der toalett og dusj som vitjande kan bruke.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Bygda har samvirkelag med bensinpumper. Barstadvik har eige vassverk ved Romestrand. Bygda har og eige kloakknett. Ho har landpostbod. På 1960-talet bygde ein eit nytt stort samfunnshus her etter at det gamle brann ned nokre år tidlegare.

Næringsveg har tradisjonelt vore landbruk med grasproduksjon, storfe- og sauehald og fjordfiske. Om sumaren har bøndene sleppt sau på beite i fjella rundt bygda. Revefarmar har vore vanlege i bygda, men denne næringa er sterkt redusert. Turisme er ein aukande næringsveg. Barstadvik har landbasert fiskeoppdrettsanlegg. Bygda ligg nær Ålesund. Mange pendlar dit på arbeid.

I Barstadvik finn ein desse matrikkelgardane: Romestrand, Volle, Erdal, Barstad, Melbø og Lynge.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

E39 går gjennom bygda. Fylkesveg 5910, 5,6 kilometer, går på båe sider av dalføret. Lengst mot sør går det bomveg til Barstadsetra. Her går merka rås til Molladalen. Til Ålesund kjem ein om ein tek ferje frå Festøya til Solavågen.

Grunnkrinsen Barstadvik[endre | endre wikiteksten]

Grunnkrinsen Barstadvik omfattar i tillegg til dei ovanfor nemnde matrikkelgardane i Barstadvika, også matrikkelgarden Festøya mot nord, og dei tre matrikkelgardane i Bukta krins mot sør: Rotneset, Rot og Masdal. Per 1. januar 2009 hadde grunnkrinsen Barstadvik 319 innbyggjarar ifølgje SSB.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elvaråsa i Barstadvika» (PDF). friluftsraadet.no. Henta 23. september 2021.