Bartholomäberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartholomäberg

Bartholomäberg er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som dekker eit areal på 27,2 km² og har 2 327 ibuarar i 2016, ligg i Montafon-dalen og omfattar grendene/landsbyane Außerböden, Gantschier, Jetzmunt, Bartholomäberg og Innerberg, rekna frå lågastliggjande og oppover.

Kommunen er spreiddbygd frå ca 600 til 1300 meter over havet langs ein brei og skogvaksen bergrygg. Kommunesenteret ligg 1087 moh. Om lag 17 % av flatevidda i kommunen består av fjell som høyrer til Verwallfjella.

Bartholomäberg ligg på solsida i Montafon-dalen og er den eldste busette delen av dalføret.

Alpinisten Anita Wachter er frå Bartholomäberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]