Barthélemy Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barthélemy Menn

Statsborgarskap Sveits
Fødd 20. mai 1815
Genève
Død

11. oktober 1883, 10. oktober 1893, 11. oktober 1893, 13. oktober 1893 (68 år)
Genève

Yrke kunstmålar, teiknar
Sjanger landskapsmåleri
Barthélemy Menn på Commons

Barthélemy Menn (20. mai 181511. oktober 1883) var ein sveitsisk landskapsmålar. Han var både fødd og døydde i Genève.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bondegard i Coinsins, ca. 1865

Menn byrja sine kunststudiar i Genève hos Wolfgang-Adam Töpffer og Leonard Lugardon. Hausten 1833 drog han til Paris og gjekk i lære hos Jean-Auguste-Dominique Ingres. Seint i 1834 følgde han etter Ingres til Roma. Han vende tilbake til Paris i 1838, der han vart kjend med landskapsmålarane Charles-Francois Dumouriez, Théodore Rousseau og Camille Corot. Han hadde elles omgang med George Sand og Eugène Delacroix, sistnemnde ville ha han til assistent til eit stort dekorasjonsoppdrag. Åra 1839-43 stilte Menn ut verk på salongen i Paris. Då han mangla oppdrag, slo han seg i 1844 ned i Genève.

Sjølvportrett med stråhatt, 1872

Menn er mest kjend for sine poetiske og idylliske landskap. Landskapsbileta hans er likevel mindre prega av romantikken enn Alexandre Calame sin landskapsmotiv. Menn hadde nær kontakt med Camille Corot, og vart mykje påverka av hans kunstsyn. Saman dekorerte dei to, i åra 1857-59, den store salongen på slottet Gruyère. Menn tok også inntrykk frå Gustave Courbet, i det heile var fransk målarkunst den dominerande kjelda for kunsten hans.

Menn var i mange år professor ved kunstakademiet i Genève (École des Beaux-Arts). Her hadde han i åra 1872-78 Ferdinand Hodler til elev. Albert Bartholome, Auguste Baud-Bovy, Eugène Burnand, Édouard Castres, John Graff, Édouard Jeanmaire, François Furet og Alfred Rehfous var andre kunstmålarar som gjekk i lære hos han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]