Bartlesville i Oklahoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartlesville
by
Land  USA
Stat Oklahoma
Fylke Washington County
Kart
Bartlesville i Oklahoma
36°44′50″ N 95°57′34″ W
Plassering i Oklahoma.
Plassering i Oklahoma.
Plassering i Oklahoma.
Wikimedia Commons: Bartlesville, Oklahoma

Bartlesville er ein amerikansk by som ligg i Washington County i Oklahoma. Ved folketeljinga i 2020 var folketalet 37 290.[1] Byen dekkjer eit areal på 58,99 km². Caney River renn gjennom Bartlesville.

Bartlesville ligg 47 mile (76 km) nord for Tulsa og 18 mile (29 km) sør for delstatsgrensa til Kansas. Han er administrajsonsstad for Washington County.[2] Ein del av busetnaden i Bartlesville ligg i nabofylket Osage County.

Bartlesville er kjend som langvarig hovudkvarter for Phillips Petroleum Company. Frank Phillips grunnla Phillips Petroleum i Bartlesville i 1905 då området framleis var Indian Territory. Selskapet blei slått saman med Conoco til ConocoPhillips og seinare delt opp att i to ulike føretak, Phillips 66 og ConocoPhillips. Begge føretaka har halde noko av verksemda i Bartlesville, men dei har flytta hovudkontora til Houston i Texas.

Området er ein av to stader i Oklahoma der ein lenapestamme bur, den andre er i Anadarko.[3]

Byen har namn etter Jacob Bartles, ein kvit svigerson av lenapehovdingen Charles Journeycake, som flytta hit frå Wyandotte County i Kansas i 1873. Han slo seg fyrst ned ved Silver Lake, ein innsjø sør for dagens Bartlesville. I 1874 opna han ein handelsstasjon og postkontor ved Turkey Creek, i dagens East Bartlesville. Han utvida med å byggja om ei mølle, ei krambu, eit herberge, ei smie og ein stall. Bartles fekk etterkvart også elektrisitet, telefon og vasstilførsel til staden som fyrst blei kjend som «Bartles Town».[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Census - Geography Profile: Bartlesville city, Oklahoma». Henta 15. desember 2021. 
  2. «Find a County». National Association of Counties. Arkivert frå originalen 12. juli 2012. Henta 7. juni 2011. 
  3. "Delaware (Lenape)." Arkivert 2015-02-25 ved Wayback Machine. USGenWeb. 2. jnuar 2015. Henta 24. februar 2015.
  4. May, Jon D. "Bartlesville." Encyclopedia of Oklahoma History and Culture. Retrieved January 15, 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bartlesville i Oklahoma