Bartlettbreen
Utsjånad
Bartlettbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 86°15′S 152°30′W / 86.250°S 152.500°W | ||
Lengd | 50 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bartlettbreen 86°15′S 152°00′W / 86.25°S 152°W | |||
Bartlettbreen er ein sidebre, kring 50 km lang og 9 km brei ved snuten, som flyt nordaust frå Nilsen Plateau og ut i Scottbreen like nord for Mount Gardiner. Han vart oppdaga i desember 1934 av den geologiske gruppa under Byrd Antarctic Expedition under Quin Blackburn, og namngjeven av Richard E. Byrd etter kaptein Robert A. Bartlett frå Brigus på Newfoundland, ein kjend sjømann og oppdagar i Arktis som tilrådde at ekspedisjonen skaffa seg «Bear», ei polarskute som vart kjøpt og av Byrd omdøypt «Bear of Oakland».[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bartlett Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bartlettbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).