Bartolomé Mitre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bartolomé Mitre
BartolomeMitre.jpg
Fødd 26. juni 1821
Buenos Aires
Død

19. januar 1906
Buenos Aires

Verv President i Argentina
Periode 1862-1868
Føregjengar Juan E. Pedernera
Etterfylgjar Domingo Faustino Sarmiento
Bartolomé Mitre på Commons

Bartolomé Mitre (26. juni 182119. januar 1906) var ein argentisk statsmann, militærkarakter, journalist og forfattar. Han var president i Argentina frå 1862 til 1868.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mitre var fødd i Buenos Aires. Han stamma frå ein familie som på farssida nedstamma frå greske innvandrarar frå 1600-tallet, med namnet Mitropoulos.

Offisielt portrett av Mitre frå 1861.

Politisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

Som liberalar var Mitre motstandar av den konservative Juan Manuel de Rosas, og han blei tvinga til eksil i Uruguay, Bolivia, Peru og Chile, der han verka som soldat og journalist.

Mitre vende tilbake til Argentina etter at Rosas blei styrta. Han var leiar under opptøyane i Buenos Aires mot Justo José de Urquiza sitt føderale styre, og blei utnemnd til viktige verv i provinsregjeringa etter at Buenos Aires trakk seg ut av den argentinske konføderasjonen.

Under borgarkrigen i 1859 blei Mitre slått av Urquiza, og Buenos Aires blei igjen med i den argentinske konføderasjonen. I oktober 1862 blei Mitre vald til president i republikken og ein oppnådde endeleg nasjonal sameining, etterfølgd av ein periode med interne reformer og framgang. Under trippelalliansekrigen var Mitre i byrjinga leiar for styrkane til Trippelalliansen.

Mitre vitjar Historiemuseet i 1901.

I protest mot autonomistpartiet til Adolfo Alsina, som han såg på som ein tynt forkledd separatist for Buenos Aires, stilde Mitre til val som president att i 1874. Alsina sin kandidat Nicolás Avellaneda vann valet. Mitre tok til våpen att for å hindra innsetjinga av Avellaneda. Han tok kontroll over ein kanonbåt, men blei nedkjempa. Berre president Avellaneda si avgjerd om å gje han nåde redda livet hans.[1]

Journalisme og forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Mitre grunnla La Nación, ei av dei leiande avisen i Sør-Amerika, i 1870. Han skreiv utførlege historieverk om dei søramerikanske sjølvstendekrigane, og er blitt ein viktig sørameriansk historiograf. Nokre av historieverka hans er Historia de Belgrano y de la independencia argentin] (1857), Historia de San Martín y de la emancipación sudamericana (1869) og Ulrich Schmidl, primer historiador del Rio de la Plata (1890).

Han skreiv også poesi og skjønnlitteratur, og han omsette Dante sin La divina commedia (Den guddommelige komedie) og Horats sine oder til spansk.

Etter at han døydde i 1906 blei Mitre gravlagd i La Recoleta-gravlunden i Buenos Aires.

Byste av Mitre på Mitreplassen i Rosario.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Utval:

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • El General Las Heras
  • Estudios sobre la vida y escritos de D. José Rivera Indarte. (Buenos Aires, 1853)

Andre historieverk[endre | endre wikiteksten]

  • Historia de Belgrano y de la Independencia Argentina
  • Historia de San Martín y de la Emancipación Sudamericana
  • Páginas de historia

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Educación primaria y secundaria en la República Argentina
  • Teoría del traductor (forord til omsetjing av La Divina Comedia)

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

  • La Divina Comedia (1897)
  • Odas de Horacio (1895)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Todo Argentina: 1874

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Bartolomé Mitre ved Wikisource (es).