Bartolomé de Las Casas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bartolomé de las Casas)
Bartolomé de Las Casas

Statsborgarskap Spania
Fødd 11. november 1484
Sevilla
Død

17. juli 1566 (81 år)
Madrid

Yrke skribent, teolog, krønikeskrivar, jurist, historikar, menneskerettsaktivist, romersk-katolsk prest, misjonær, antropolog
Språk spansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Bartolomé de Las Casas på Commons

Bartolomé de Las Casas (148417. juli 1566) var ein spansk dominikanarprest og nybyggjar i den nye verda. Han vart fødd i Sevilla og døydde i Madrid, men var i mellomtida den første biskopen av Chiapas.

Las Casas vart kjend for at han forsvara rettane til dei innfødde mot det brutale folkemordet som var sett i gang av dei spanske nybyggjarane. Pamfletten hans «Ei kort framstilling av øydelegginga av (Vest)-India» (Brevísima relación de la destrucción de las Indias) frå 1552 gjev ei fyldig skildring av alt det fælslege dei spanske conquistadorane gjorde.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Så tidleg som i 1500 var det ein kontrovers mellom Christofer Columbus og dei geistlege på den eine sida og dronning Isabella av Castilla på den andre sida om statusen åt dei innfødde i Amerika. Sjølv om slaveri på den tida var å rekne som ein legal institusjon, så meinte dronninga at indianarar var jamgode med alle andre undersåttar. Derfor kunne dei ikkje gjerast til slavar meinte ho. Columbus, derimot støtta seg på pavestolen som slo fast at indianarar ikkje var nemnd i Bibelen, dei var «defekte» menneske og «høvelege slavar». Dronninga vedtok loven slik ho ønskte den, men i praksis vart det slik at Las Casas observerte at forbodet mot indianarslaveri ikkje vart følgt, han skreiv rapportar med eigne augevitneskildringar om ugjerningar og han fordømde framferda åt dei spanske conquistadorane ved fleire høve. Det kom då i gang eit etisk og filosofisk ordskifte i Spania om krona sine rettar og plikter.

Som ein av undersåttane til kong Filipp II av Spania forklarte Las Casas at han i byrjinga støtta alt det barbariske landsmennene hans gjorde. Men han vart snart overtydd om at overgrepa til sist ville føra til at Spania braut saman i form av ein guddommeleg hemn. Ifølgje Las Casas var det spanjolen sitt ansvar å omvenda dei innfødde til katolisismen og med det gjera dei til lojale undersåttar istadenfor å drepa dei. For at dei ikkje skulle enda som slavar føreslo Las Casas at ein skulle henta afrikanarar til Amerika og nytta dei som slavar i staden. Seinare endra han meining om dette då han såg korleis slaveriet virka på afrikanarane.

Etterpå[endre | endre wikiteksten]

Opprøret frå Las Casas fekk følgjer, kyrkja snudde, dei innfødde i Amerika skulle reknast å nedstamme frå Adam og Eva, dette blei seinare stadfesta av pave Paul III i 1537. Enn vidare kom ein ny doktrine som gav krona påbod om å verne dei innfødde.

Den polemiske og til tider overdrivne skildringa til Las Casas blei lenge etterpå brukt som skyts frå andre europeiske nasjonar til å fyra opp under leyenda negra, «den svarte legenden» om at spanjolar var grusomme og blodtørstige folk.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjelder hevdar at Las Casas var etterkommar av ein converso altså ein spansk jøde som vart tvungen til å konvertera til kristendommen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mirror of the Cruel and Horrible Spanish Tyranny Perpetrated in the Netherlands, by the Tyrant, the Duke of Alba, and Other Commanders of King Philip II». World Digital Library. 1620. Henta 27. august 2013. 
  • Finn Fuglestad, Latin-Amerika og Karibiens Historie, Cappelen Akademiske Forlag (1994)