Bartskjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein bartskjær tek ut «steinar» frå hovudet til ei kvinne. Akvarell av Jacob Cats frå 1787, etter B. Maton.

Bartskjær, eller badskjær, frå tysk Bartscherer, er ein gamal yrkestittel for ein som driv som barberar,[1] og i tillegg med primitiv kirurgi som amputasjonar, handsaming av sår og liknande. Dette var handverkarar, utan formel utdanning. Mange hadde lært yrket ved at dei hadde gjort teneste som feltskjær i krigstid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «badskjær». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.