Bartın

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartın
by
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Bartın
Koordinatar 41°38′04″N 32°20′15″E / 41.63444°N 32.33750°E / 41.63444; 32.33750
Folketal 47 999  (2008)
Borgarmeister Cemal Akın
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 74000
Kart
Bartın
41°38′04″N 32°20′15″E / 41.634444444444°N 32.3375°E / 41.634444444444; 32.3375
Wikimedia Commons: Bartın
Nettstad: http://www.bartin.bel.tr

Bartın er ein by i nordlege Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bartın. Byen har kring 50 000 innbyggjarar, 14 km frå kysten av Svartehavet opp Bartın Çayı, som er farbar opp til byen. Bartın-elva er den einaste farbare elva i Tyrkia for havgåande skip.

I antikken heitte byen Parthenios og historia går attende til 1200 fvt., då han var busett av Gasgas-folket.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bartın har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb) med nedbør jamt fordelt over heile året. Somrane er varme og fuktige, og normaltemperaturen er kring 21°C i juli og august. Vintrane er kjølige og fuktige, og normaltemperaturen er kring 6 °C i januar og februar.

Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8° og 20°C gjennom året.

Vêrdata for Bartın
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 9 10 13 17,7 22 25,9 28 28,2 24,7 20,3 15,5 10,9 18,8
Gjennomsnittleg min °C 0,4 0,4 2,3 5,9 9,6 13,3 15,6 15,6 12,1 8,9 4,4 2 7,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 109 81,7 73,3 54,8 48,1 72,8 68,5 81,3 94,4 111,4 112,9 126,2 1 034,4
Gns. solskinstimar i månaden 65,1 84 127,1 171 229,4 270 300,7 285,2 219 161,2 102 68,2 2 082,9
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bartın». Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü. Arkivert frå originalen 30. april 2011. Henta 17 mars 2011.