Baruk
Baruk, òg skrive Baruck og Barukh er eit mannsnamn med opphav i det hebraiske ordet בָּרוּךְ, ‘velsigna’. Namnet er i nær slekt med namnet Mubarak, òg skrive Barak, og som i arabisk har same tydinga.
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Baruch Spinoza (1632 - 1677), nederlandsk-jødisk filosof
- Baruch S. Blumberg (1925 - 2011), lækjar og nobelprisvinnar frå USA
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Namnet har aldri vore vanleg i Noreg:
- I 1801 var det etter folketeljinga tre som var manntalsført med dette namnet, i forma «Baruch» eller «Baruc», alle budde i Skogn.
- I 1900 var det etter folketeljinga berre ein som var manntalsført med dette namnet, i forma «Baruch», han var dansk jøde og budde i Bergen.
- I 2008 har ikkje SSB opplysningar om nokon med dette namnet.
Baruk som bibelsk namn[endre | endre wikiteksten]
- Baruk, son til Sakkai, som var med å vøle muren kringom Jerusalem.[1]
- Baruk, son til Kol-Hose og far til Ma’aseja, ein hovding av Juda-ætta i Jerusalem.[2]
- Baruk Neriason ar skrivar for profeten Jeremia.[3] Baruks bok inngår blant dei apokryfe skriftene.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Baruk hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet