Basar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Basar i Bangladesh.
Basar i Delhi i India.

Basar er eit torg eller ei gate der det blir halde marknad, og er særleg kjend frå byar i Austen og i område med muslimsk kultur. Ein basar kan vera dekt med tak eller ha opne hallar.

Ordet «basar» kjem frå det persiske bāzār,[1] som går tilbake til det pahlaviske ordet baha-char med tydinga 'staden med prisar'.[treng kjelde]

I Europa forstår ein ved basar ei samanhengande rekkje av mindre butikkar, eller ein enkelt butikk der varer av forskjellig art vert selde. Ordet «basar» blir òg brukt om lotteri til inntekt for frivillige organisasjonar, gjerne i samanheng med loppemarknader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daryaee, Touraj (16. februar 2012). The Oxford Handbook of Iranian History. Oxford University Press. s. 8. ISBN 978-0-19-973215-9. 
  • «Basar» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. september 2014.
  • Denne artikkelen bygger på «Basar» frå Wikipedia på bokmål, den 17. april 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Basar
Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.