Basavan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Basavan
Basawan. Akbar Taming Mad Elephant Hawai. Composition by Basawan, coloring by Chitra. (left part) Akbarnama, ca. 1590, Victoria and Albert Museum, London.jpg
Fødd 1560-åra (juliansk)
Uttar Pradesh
Død

1600-åra

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler
Basavan på Commons
Akbar vitjar grava til Khwajah Mu'in ad-Din Chishti i Ajmer, ca 1590-95

Basavan, eller Basawan, var ein indisk miniatyrmålar, aktiv i den såkalla mogul-stilen i tida rundt 1556-1600.[1] I samtida var han kjend som ein grundig observatør av den menneskelege naturen, flink med fargar og for bruken av portrettering i illustrasjonane til verket Akbarnama, den offisielle biografien til keisar Akbar den store i Mogulriket, som vert rekna som ei nyvinning i indisk kunst.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjent om livet til Basavan, men namnet hans kan tyde på at han kan ha vore ein ahir (ein hinduisk kugjetar-kaste) frå det som i dag er Uttar Pradesh. Han vart hoffmålar hos Akbar den store, der han vart påverka av Abd al-Samad.

Opphavet til musikken, ca 1560-65

Meir enn 100 måleri er knytt til Basavwan. Dei fleste av dei er illustrasjonar til manuskript. På mange av dei var Basawan designaren, medan ein annan kunstnar tilførte fargane. Mellom dei verka som med visse kan knytast til Basawan er illustrasjonane i Razmnama, Akbar-nama, Darab-nama, Jami av Baharistan og Timur-nama.

Basawan var ein av dei fyrste indiske kunstnarane som vart interessert i vestlege teknikkar, inspirert av dei europeiske måleria som jesuitt-misjonærar tok med til hoffet til Akbar. Dette kjem til syne i hans bruk av sterke kontrastar mellom lys og skugge og meir naturtru skildringar av tre og steinar; den vestlege påverknaden er likevel aldri dominerande i verka hans. Basavan var elles kjend for si utforsking av det romlege, skildring av bakgrunnen, fargestyrken, og den skarpe, kjenslevare karakteriseringa av figurane. Den samtidige historiografen Abu al-Fadl 'Allami skreiv om Basavan: «I utforming, portrettmåling, fargebruk og illusjonistisk måling hadde han ikkje sin like i verda».

Sonen hans, Manohar Das, tok over etter han som hoffmålar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. metmuseum.org