Basel-Stadt
| Basel-Stadt | |||
| Bâle-Ville, Basilea Città, Basilea-Citad | |||
| kanton | |||
|
|||
| Forkorting: BS | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Basel | ||
| Høgaste punkt | St. Chrischona | ||
| • høgd | 522 moh. | ||
| Areal | 36,95 km² | ||
| Folketal | 200 031 (1. januar 2024)[1] | ||
| Kanton sidan | 1501 | ||
![]() Basel-Stadt 47°34′00″N 7°36′00″E / 47.566666666667°N 7.6°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Basel-Stadt | |||
Basel-Stadt er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 137 km² og har 200 000 innbyggarar i 2021. Han er den minste kantonen, og den med største folketettleiken. Byen Basel er hovudstaden i kantonen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]

Kantonen ligg på begge sider av Rhinen. Han grensar i vest mot regionen Alsace i Frankrike og i aust mot delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. I sør grensar han mot kantonen Basel-Landschaft.
Språk og samfunn
[endre | endre wikiteksten]Tysk er både skriftspråk og talemål i kantonen. 30,3 % av innbyggarane er utanlandske statsborgarar, der italienarar med sine 5,3 % er den største gruppa. Av dei sveitsiske statsborgarane er høvesvis 27 % og 25 % protestantar og katolske.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Basel-Stadt består av tre kommunar: Basel, Bettingen og Riehen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Stadt saman med Basel-Landschaft kantonen Basel. Dei to kantonane vart omtala som «halvkantonar» fram til 1999, då dette omgrepet vart fjerna frå den sveitsiske grunnlova. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har berre éi røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master. Henta 14. januar 2026.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Basel-Stadt» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2011.

