Bashar al-Assad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bashar al-Assad (arabisk بشار الأسد) |
|
| President av Syria | |
| Regjeringstid | Frå 17. juli 2000 |
|---|---|
| Fødd | 11. september 1965 i Damaskus |
Bashar al-Assad (fødd 11. september 1965) har vore president i Syria sidan 2000. Han leier òg det syriske Baath-partiet. Etter den syriske grunnlova er Baath-partiet det statsberande partiet.
Bashar al-Assad vart president etter at faren Hafez al-Assad døydde, og hadde ikkje hatt framståande politiske stillingar før dette. Verken Bashar al-Assad eller faren Hafez har vorte valde i frie, demokratiske val.
Bashar al-Assad er utdanna augelege i Damaskus og London. Han var opphavleg ikkje tiltenkt noka politisk rolle, men dette endra seg då den eldre broren Basil al-Assad døydde i 1994.
Al-Assad-familien høyrer til den muslimske alawitt-sekta, ein religiøs minoritet i Syria.