Basingstoke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Basingstoke

Basingstoke station.jpg
Plassering
Basingstoke is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Hampshire
Distrikt Basingstoke and Deane
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

99 475
Koordinatar 51°16′″N 1°6′″WKoordinatar: 51°16′″N 1°6′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer RG21, RG22, RG23, RG24
Telefon-retningsnummer 01256
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Basingstoke

Basingstoke er ein by i Hampshire i Storbritannia som ligg 31 km nordaust for Winchester, 48 km nordaust for Southampton, og 75 km sørvest for London. Byen har kring 100 000 innbyggjarar. Basingstoke ligg tvers over ein dal ved kjelda til elva Loddon på austsida av Salisbury Plain. Han har hatt bystatus sidan 1227.

Ifølgje folketeljinga i 2011 var folketalet i byen, inkludert ytre forstader, 107 355.[1] Byen er ein del av boroughen Basingstoke og Deane og av valkrinsen Basingstoke.

Av næringar i byen finn ein produksjon av lêrvarer og presisjonsinstrument.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Basingstoke blei omtalt i Domesday Book frå 1086. Han er ein gammal by med fortidsminnesmerke. I den austlege delen av Basing slo kong Ethelred danane i 871.

Byen blei verande ein liten marknadsby fram til 1950-talet. Under andre verdskrigen fekk han nokre få bombeskader den 16. august 1940, då nokre tyske bomber øydela delar av bygningar og drap seks personar.[2] Etter krigen hadde byen 25 000 innbyggjarar.[3]

Etter krigen blei det lagt planar om å flytta meir av befolkninga ut av London, i den såkalla London Overspill plan. Veksten i Basingstoke skaut fart på 1960-talet. Det blei bygd fleire forretningsblokker og bustadfelt, i tillegg til ein ringveg.[3] Kjøpesenteret i byen blei bygd i fleire omgangar. Den fyrste fasen blei fullført på 1970-talet, og blei så dekka over på 1980-talet og kjend som The Walks. Andre fase blei fullført tidleg på 1980-talet, og fekk namnet The Malls. Tredje fase blei så avvikla, og på staden bygde ein konserthuset The Anvil i staden.[4] Den sentrale delen av kjøpesenteret blei gjenoppbygd i 2002 og opna som Festival Place.[3][5]

Filmen Get Real er spelt inn i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hampshire County Council, Small Area Population Forecasts. Parish data: Parish total level forecast: (unparished area) Basingstoke & Deane» Arkivert 6. januar 2016 på Wayback Machine.. Hampshire County Council. 2015.
  2. Attwood, Arthur. Basingstoke: Arthur Attwood's look into the past. Basingstoke: Basingstoke gazette. s. 57–60. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «A Brief History - Basingstoke census». Basingstoke.gov. Basingstoke and Deane. Arkivert frå originalen 11. juli 2014. Henta 15 June 2014. 
  4. «History of The Anvil». Anvil Arts. Henta 15. juni 2014. 
  5. «Central Basingstoke Vision, Single Issue Panel Meeting No 5». Basingstoke & Deane Borough Council. 2007. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 8. mai 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Basingstoke