Basisfraktur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Computertomografi som visar eit subtilt knokkelbrot i tinningbeinet hjå ein person med alvorleg hovudskade

Basisfraktur eller basisbrot er eit knokkelbrot i golvet (basen) av hovudskallen, og inneberer oftast tinningbeinet, bakhovudbeinet, kilebeinet og/eller silbeinet.[1]

Basisfraktur er uvanleg, og oppstår i ca. 4% av alvorlege hovudskader.[2][3]

Brotet kan føre til flengjing i hinnene rundt hjernen og resulterande lekkasje av cerebrospinalvæske (CSV). Lekkasjen kan samle seg i mellomøyret og dryppe ut av den perforerte trommehinna (otorré), eller renne inn i nasesvelget (nasofarynx) via øyretrompeten, og skape saltsmak i munnen. Cerebrospinalvæske kan dryppe frå nasa (rhinoré) ved brot i fremre skallebasis, og utvise haloteikn. Alle desse teikna er karakteristiske for basisfraktur.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kraniebrudd». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk, nhi.no). 4. juni 2013. Arkivert frå originalen 13. desember 2014. Henta 13. desember 2014. 
  2. Graham DI and Gennareli TA. Chapter 5, "Pathology of Brain Damage After Head Injury" Cooper P and Golfinos G. 2000. Head Injury, 4th Ed. Morgan Hill, New York.
  3. Orlando Regional Healthcare, Education and Development. 2004. "Overview of Adult Traumatic Brain Injuries" Arkivert 2008-02-27 ved Wayback Machine., henta 16. januar 2008.
  4. Dietrichs, Espen (14. februar 2009). «basisfraktur». Store Norske Leksikon (Store Norske Leksikon). 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.