Basra guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 30°22′N 47°22′E
Basra guvernement
محافظة البصرة
guvernement
flagg
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 30°22′N 47°22′E
Hovudstad Basra
Areal 19 070 km²
Folketal 4 700 000 (2016)
Folketettleik 246 / km²
Al-Basrah in Iraq.svg
Wikimedia Commons: Basra Governorate
Nettstad: basrahgov.com

Basra guvernement (arabisk محافظة البصرة, Muḥāfaẓa al-Baṣra) er eit guvernement sør i Irak. Det grensar til Kuwait i sør og Iran i aust. Hovudstaden er byen Basra. Andre distrikt i Basra er Al-Qurnah, Az Zubayr, Al Midaina, Shatt Al Arab, Abu Al Khaseeb og Al Faw som ligg ved Persiabukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Distrikt i Basra guvernement

I 1920, etter at Det osmanske riket leid nederlag i fyrste verdskrigen, tok Storbritannia over dei tidlegare osmanske vilayetane Basra, Bagdad og Mosul som i lag hadde danna den historiske regionen Irak Arabi eller Irak Babeli, og kalla det Det britiske mandatet for Mesopotamia. Mandatet vart etterfølgd av Kongedømet Irak i 1932.[1]

Sjia-folkesetnaden her leid lenge og hardt under styret til Saddam Hussein. Byen Basra leid mykje under den åtte år lange krigen med Iran og den allierte bombinga i 1991 under Golfkrigen. Styresmaktene hamna i eit opprør etter at USA lovde opprørarane støtte. Det vart starta i Basra av sinte soldatar, visstnok etter dei skaut mot eit stort portrett av Saddam Hussein.[2] Mange folk trekte til gatene og ropte slagord, avretta partimedlemmar i Ba'ath, leiarar og det hemmelege politiet, og øydela bilete og monument av Hussein. Deltakarane hadde venta støtte frå dei amerikanske soldatane, men dei allierte var på den tida opptekne, trass i at 24. infanteridivisjon var stasjonert berre nokre kilometer frå byen. Basra fall ikkje heilt til opprørarane, og eit motåtak frå kring 6 000 lojalistar frå den republikanske garden heldt stand mot 5 000 avhopparar frå den irakiske hæren.[2] Etter kring tre dagar byrja garden å få kontroll, tok livet av mange opprørarar i gatene og utførte masseavrettingar på offentlege torg.[2]

Frå 2003 var guvernementet eit av sentera for krigføringa under invasjonen til britane og amerikanarane under Irakkrigen. Slaget ved Basra fann stad mellom 23. mars og 7. april mellom den britiske 1. panserdivisjonen under generalmajor Robin Brims, og irakiske styrkar under general Ali Hassan al-Majid («Kjemiske Ali»).[3] Dei fleste av dei harda kampane i krigen fann stad i provinsen dei påfølgjande vekene. Fleire valdsutbrot mellom sekulære irakarar og sjiamuslimar fann stad sommaren 2006, og i september 2007 trekte dei britiske soldatane seg attende til Basra flyplass, og heilt ut av byen i desember 2007.[3] Slik som den autonome regionen Kurdistan i Nord-Irak, har Basra føreslått å slå seg saman med guvernementa Dhi Qar og Maysan og danne ein eigen sjølvstyrt region.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sassoon, Joseph (12 December 2011). Saddam Hussein's Ba'th Party: Inside an Authoritarian Regime. Cambridge University Press. s. 17. ISBN 978-1-139-50392-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Goldstein, Eric (1 January 1992). Endless Torment: The 1991 Uprising in Iraq and Its Aftermath. Human Rights Watch. s. 45. ISBN 978-1-56432-069-8. 
  3. 3,0 3,1 Mockaitis, Thomas R. (15 August 2013). The Iraq War Encyclopedia. ABC-CLIO. s. 50. ISBN 978-0-313-38063-1.