Bassisten Richard Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Davis

Richard Davis i Bach Dancing & Dynamite Society i Half Moon Bay i California, 28. februar 1987
Fødd15. april 1930 (94 år)
FødestadChicago i Illinois i USA
Død6. september 2023
DødsstadMadison
OpphavUSA
AktivSidan 1940-åra
SjangerJazz, klassisk
InstrumentKontrabass
Tilknytte artistarEric Dolphy, Creative Construction Company, The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra
PlateselskapMuse, Palmetto, Marge
Verka somMusikar, lærar
PrisarNEA Jazz Masters

Richard Davis (15. april 19306. september 2023) er ein USA-amerikansk jazzbassist. Blant dei mest kjende bidraga hans er mellom anna Eric Dolphy sitt Out to Lunch!, Andrew Hill sitt Point of Departure og Van Morrison sitt Astral Weeks, som kritikaren Greil Marcus (i The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll) skreiv om «Richard Davis spelte den beste bassen som nokon gong er høyrt på eit rockealbum.»[1]

Davis byrja den musikalske karrieren sin med brørne sine og song bass i ein familietrio.[2] Han var medlem av Chicago Youth Symphony Orchestras og spelte i den første framføringa til orkesteret i Chicago den 14. november 1947.

I 1957 flytta han og pianisten Don Shirley til New York City der dei spelte i lag fram til 1956, då Davis byrja å spele med Sauter-Finegan Orchestra. I 1957 vart han ein del av rytmeseksjonen til Sarah Vaughan og spelte med ho fram til 1960.

I 1960-åra var Davis etterspurt i forskjellige musikkrinsar. Han arbeidde med mange små jazzgrupper på denne tida, inkludert dei leia av Eric Dolphy, Jaki Byard, Booker Ervin, Andrew Hill, Elvin Jones og Cal Tjader. Frå 1966 til 1972 var han medlem av The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra. Han har òg spelt med Don Sebesky, Oliver Nelson, Frank Sinatra, Miles Davis, Dexter Gordon og Ahmad Jamal.[3]

Davis spelte med pop- og rockemusikarar i 1970-åra, og spelte på Laura Nyro sitt Smile, Van Morrison sitt Astral Weeks og Bruce Springsteen sine Greetings From Asbury Park, N.J. og Born to Run. Davis har òg spelt klassisk musikk me ddirigentane Igor Stravinsky, Leonard Bernstein, Pierre Boulez, Leopold Stokowski og Gunther Schuller.[3]

I 1977 flytta Davis til Wisconsin og vart professor ved University of Wisconsin–Madison, der han lærte bass, jazzhistorie og improvisasjon. Av studentane hans finn ein William Parker, David Ephross, Sandor Ostlund, Hans Sturm og Karl E H. Seigfried.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marcus, Greil. The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll.
  2. Ron Wynn. «Richard Davis | Biography». AllMusic. Henta 29. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Richard Davis». richarddavis.org. Henta 29. september 2020. 
  4. «The University of Wisconsin-Madison School of Music | Richard Davis». Music.wisc.edu. 14. juli 2014. Henta 29. september 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]