Bastian Reinhold Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bastian Reinhold Larsen
Fødd 28. oktober 1856
Grue
Død

4. juli 1919
Kristiania

Yrke agronom, professor

Bastian Reinhold Larsen (28. oktober 18564. juli 1919) var ein norsk jordbruksforskar, agronom og direktør ved Noregs Landbrukshøgskole frå Grue. Han er kjend for å ha oppretta frøkontrollen i Noreg og har utvikla plantedyrkjingsmetodar som framleis er nytta. Han vart ridder av 1. klasse i St. Olavs orden og Dannebrogordenen for si innsats for landbrukskunna.

Utdaning og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Larsen studerte ved latinskulen i Skien, men tok ikkje eksamen. I staden utdana han seg ved Jønsberg landbruksskule i Stange i 1876, og gjekk vidare til den høgre landbruksskulen på Ås, kor han var kandidat i 1882.

Han var so lærar ved Haug landbruksskule i Vardal, til han og Olav Sendstad stifta Kristiania Vinterlandbruksskole i 1886. Her var han til 1889, då han byrja organisert forsking på jordbruk som den fyrste i landet. Denne forskinga held han fram med til han døydde, fyrst under Selskapet for Norges Vel, sidan hjå Noregs Landbrukshøgskole frå 1989, der han vart professor i 1914 og konstituert direktør i 1913.

Vitskapleg arbeid og oppdagingar[endre | endre wikiteksten]

For å sikra at bøndene fekk god kvalitet på frøa sine, skipa Bastian Larsen til frøkontroll i 1884 etter å ha studert liknande skipnadar i Danmark og Sverige. Han dreiv frå 1883 med forsking på kva plantar som var gav betre eller dårlegare avlingar.

Seinare utvikla han betre forsøkoppsett for jordbruksforsøk, slik at resultata i mindre grad synte tilfeldig variasjon, og i større grad resultatet av eksperimentet. Dei viktigaste verka hans i so måte Om metoder for Markforsøg og Om muligheter for å innskrenke de feil som ved markforsøgene betinges av jordens uensartethet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]