Bat Yam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bat Yam
בַּת יָם, בַּת־יָם
by
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: 'Dotter av Jerusalem'. bokstavleg 'Dotter av havet', kan òg tyde 'havfrue'
Land  Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°01′N 34°45′E
Areal 8,167 km²
Folketal 128 200  (2011)[1]
Folketettleik 15 697 / km²
Grunnlagd 1926
 - Bystatus 1958
Borgarmeister Shlomo Lahiani
Kart
Bat Yam
32°1′23″ N 34°45′1″ E
Wikimedia Commons: Bat Yam
Nettstad: www.bat-yam.muni.il

Bat Yam (hebraisk: בַּת יָם eller בַּת־יָם) er ein by ved middelhavskysten i Israel, på den sentrale kyststripa, like sør for Tel Aviv. Han er ein del av Gush Dan storbyområde i Tel Aviv distrikt og har 130 000 innbyggjarar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bat Yam-stranda
Forsvararplassen

Bat Yam vart grunnlagd i 1926 som Bayit VaGan (hebraisk skrift בית וגן; Hus og hage). Under Palestinaopprøra i 1929 vart byen angripen av palestinarar frå Jaffa og vart evakuert av dei britiske styresmaktene. I 1930 vart han busett på ny. I 1936 fekk han status som lokal kommune og vart omdøypt Bat Yam. I 1945 budde 2 000 jødar i Bat Yam.[3] I følgje the Jewish National Fund hadde byen i 1947 eit folketal på 4 000.[4]

Etter vedtaket til Dei sameinte nasjonane om ein delingsplan den 29. november 1947 og den påfølgjande borgarkrigen, vart innbyggjarar både i Bat Yam og Jaffa råka av valdelege handlingar, inkludert snikskyttarar.[4][5] Den 13. mai 1948 overgav Jaffa seg til jødiske styrkar.

I åra etter at landet Israel oppstod, voks Bat Yam kraftig på grunn av masseimmigrasjon og han fekk bystatus i 1958. Ein liten hasidisk enklave av Bobover Hasidim, kalla Kiryat Bobov, vart grunnlagd i 1959. Byen har eit større samfunn med jødar frå Tyrkia (kring 23% av folketalet). Bat Yam opplevde nok ein periode med kraftig vekst tidleg i 1980-åra til seint i 1990-åra, med masseimmigrasjon frå det tidlegare Sovjetunionen og Etiopia.Det bur òg ein del arabarar i Bat Yam, både muslimar og kristne, og mange av dei flytta frå Jaffa. Ein god del vietnamesisk-israelarar eller vietnamesarar av israelsk opphav, bur i Bat Yam.[6]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Bat Yam kommunale stadion

Den største fotballklubben i byen, Maccabi Ironi Bat Yam, spelar for tida i Liga Leumit, det tredje nivået i israelsk fotball.

Al Gal-stranda i byen vert rekna som ein av dei beste stadane for surfing i regionen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bat Yam er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Abstract of Israel 2012 - No. 63 Subject 2 - Table No. 15». .cbs.gov.il. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 12. april 2015. 
  2. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Arkivert (PDF) frå originalen den 21. november 2010. Henta 6. juli 2015. 
  3. Government of Palestina, Village Statistics, 1945, p52.
  4. 4,0 4,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 12. 
  5. «Cleansing Jaffa: A detailed eye witness account, 202». Palestinaremembered.com. Henta 12. oktober 2014. 
  6. «In a Strange Land: Israel's Vietnamese Community - CULTURE». Worldandihomeschool.com. Arkivert frå originalen 25. januar 2004. Henta 12. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]