Batalden Havbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°38′17″ N 4°48′47″ E Batalden Havbu er eit gards- og fiskebruk som ligg på øya Store Batalden i Kinn kommune i Vestland. Bruket er restaurert og har 3 sjøhus og 2 bustadhus frå perioden 1820—1900. Her er også museumsavdeling og kunstgalleri.[1]

Batalden Havbu er open for gjester, som kan bu i Havbua frå 1850, i Litlebua frå 1820 eller i Gamlehuset frå 1840. I kjellaren i Gamlehuset er Galleri Havbu, som presenterer kunstnarar frå Vestlandet. Museet i Midtbua viser fram lokalhistorie i form av reiskapar, modellbåtar, tekst og bilete. Batalden Havbu har motteke byggeskikkpris, bygdeutviklingspris og Olavsrosa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Batalden Havbu». olavsrosa.no. Henta 2. september 2013. 
  2. «Batalden Havbu». VisitNorway. Henta 2. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]