Batalden bedehuskapell
Utsjånad
| Batalden bedehuskapell | |||
| kapell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Kinn | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sunnfjord | ||
| Sokn | Kinn | ||
| Fellesråd | Kinn | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 26. februar 1911 | ||
| Sitjeplassar | 100 | ||
![]() Batalden bedehuskapell 61°37′14″N 4°49′11″E / 61.6206°N 4.81972°E | |||
Batalden bedehuskapell står på Fanøya i øygruppa Batalden i Kinn kommune i Vestland, og er eit ombygd bedehus frå 1907.
Bedehuset vart bygd for fiskarane som var ute på øyane om vintrane i samband med dei store sildefiskeria. Då Kinn kyrkje skulle restaurerast vart det søkt om å bruke bedehuset som kyrkje i mellomtida, dette vart innvilga og bedehuset vart vigsla som kapell 26. februar 1911. Kapellet har vorte påbygd og oppussa mange gonger, tårnet kom til i 1951.[1]
Batalden bedehuskapell ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Batalden bedehuskapell». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021.
