Batanea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Iturea, Trakonitis, Batanea, Gaulanitis og Auranitis i det første hundreåret evt.

Batanaea eller Batanea var eit område i Det heilage landet, nordaust for Jordanelva og aust for Trakonitis. Det var ein av dei fire inndelingane av området Basjan etter det babylonske fangenskapet. Det vert i dag kalla Ard-el-Bathanyeh og går frå nord til sør langs austsida av Lejah og Hauran, frå Salkhad i sør, til Tells Khaledyeh og Asfar i nord. Det er i snitt 20 km breitt og langs 50 km dekkj det Gebel Hauran, ei åsrekkje. Det høgaste punktet i denne rekkja kan vere «Basan-fjellet» som er nemnt i Salmane 68:15.

I det første hundreåret fvt. vart landområdet erobra av Herodes den store, og då han døydde i 4 fvt. gjekk det til sonen son Herodes Filippo som ein del av arva hans. I somme kjelder vert sonen omtalt som tetrarken av Batanea med hovudstad i Cæsarea Filippi, men landområda hans var meir omfattande enn dette.

Då han døydde i 34 evt. gjekk Batanea til Herodes Agrippa I, og i 53 evt. til sonen Herodes Agrippa II. Då han døydde vart det annektert av den romerske provinsen Syria.

Batenaea må ikkje forvekslast med Betania, som er oftare omtalt i evangelia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]