Batikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Batikk frå Banyuwangi på Java med Gajah Oling-motiv.
Døme på ei batikkfarga t-skjorte.

Batikk er ei gruppe teknikkar for tøyfarging der ein brettar, vrir, knøvler eller på andre måtar formar eit tekstil eller plagg med tråd eller strikk, for så å farga det. Ved å gjera dette gjer ein at delar av tekstilet blir farga og andre delar blir verande ufarga.[1] Teknikken stammar frå den japanske teknikken kanoko shibori.[2]

I knytebatikk snurrar ein stram tråd rundt delar av tøystykket. Den stramme tråden hindrar at fargen når delar av tøyet.

Med voksbatikk legg ein (bi)voks på dei delane av tøystykket som ikkje skal fargast. Ved å veksla mellom å legga på voks og ha tøyet i fargebad kan ein få fram fleirfarga mønster. Voksen blir fjerna når farginga er ferdig.

Den engelske termen for det ein på norsk gjerne kallar batikk er tie-dye, altså knytebatikk. Dette er eit omgrep som blei funne opp på 1960-talet i USA, medan batikk i seg sjølv eigentleg er ei javanesisk nemning for voksbatikk.[3]

Batikkteknikk fekk gjennombrotet sitt i vestleg mote med den psykedeliske batikkbruken, gjort kjend av artistar som Janis Joplin og John Sebastian.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. andreasviklund.com, Craig & Richard Ransom | Design by. «Live Dye - Tie-Dye Techniques 2 – First Decisions». Henta 25. mai 2016. 
  2. «Techniques» (på engelsk). 9. desember 2008. Arkivert frå originalen 2016-06-04. Henta 25. mai 2016. 
  3. «batikk – Store norske leksikon». Henta 25. mai 2016. 
  4. «Psychedelic 60's Issue». Masters of Rock. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Batikk