Batlavasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Batlava
innsjø
Four colors - Lake Batllava.jpg
Land Flag of Kosovo.svg Kosovo
Koordinatar 42°49′16″N 21°18′28″EKoordinatar: 42°49′16″N 21°18′28″E
Wikimedia Commons: Batlava Lake

Batlava (serbisk Batlavsko jezero; albansk Liqeni i Batllavës) er ein innsjø og ein feriestad i Kosovo.

Den lokale landsbyen Batlava vart grunnlagd av serbiske arbeidarar. Fram til 1932 var familien Ristić den einaste som budde her. Dei flytta under den andre verdskrigen til andre stader av Serbia. I dag er Batlava ein etnisk albansk landsby.

Batlava er i dag hovuddrikkevasskjelda til byane Priština og Podujevo. På grunn av folkevekst i desse byane er det ofte lite vatn i innsjøen, særleg om sommaren.

Sidan Kosovo ikkje har kystlinje er Batlava ein populær badeplass i Kosovo. Turisme er derfor ei stor næring i lokalområdet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.