Batragruva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Batragruva er ei stor kromgruve sentralt i Albania i Dibër fylke, 40 km aust for hovudstaden, Tirana. Batra er ei av dei største kromførekomstane i Albania og Europa, og det er estimert at det finst 0,73 millionar tonn med malmgrad 38% krom.[1] Gruva er ein del av Bulqizë-massivet, eit 370 km² stort område med ein tjukkleik på 4-6 km og 65 stadfesta kromførekomstar.[1] Gruva er ned mot 1560 meter djup.[1]

Drifta av Batragruva starta i 1967 og hadde fram til 2006 produsert 5,5 millionar tonn krom.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Chromium in Albania» (PDF). mete.gov.al. 2010. Henta 8. februar 2014.