Batseba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Batseba

FøddGiloh
TittelDronningmor
Opptrer i2 Sm, Første kongebok, 1 Krn
SlektHuset David
LandDet forente kongedømmet Israel
FarEliam
EktefelleUria, David I av Israel
BarnSjelomo I av Israel, Natan, Sjobab
Batseba med meldinga om at Uria var blitt drepen framstilt av Rembrandt.
Du skal ikkje utføra utruskap. Natan refsar David og Batseba. Relieff i bronse på døra av Madeleine Place de La Madeleine, Paris

Batseba (hebraisk בַּת־שֶׁבַע, Baṯ-Šǽḇaʿ eller Baṯ-Šā́ḇaʿ[a]) er ei bibelsk kvinne som var gift med hettitten Uria, og deretter med kong David. Ifølgje Bibelen såg David henne bada på taket, fekk henne kalla heim til seg, og gjorde henne gravid (2 Samuelsbok kap 11) For dette kunne Batseba avrettast for utruskap, sidan ho var blitt gravid medan mannen hennar var borte (2 Samuelsbok kap 11, vers 5 og vidare til og med 15). David fekk Uria send til ein farleg post ved fronten, der han blei drepen, og David gifta seg så med Batseba.

Batseba var ei dotter av Eliam, ein av David sine «tretti trufaste menn.»[1] Eliam var òg son av Akitofel frå Gilo, som var ein av dei fremste rådgjevarane til David.[2] Gilo var ein by i Judea, og såleis var Batseba frå David si eiga stamme og sønedotter av ein av dei fremste rådgjevarane hans.[3] Ho var mor til Salomo, som følgde David som konge.

Den bibelske forteljinga[endre | endre wikiteksten]

«Batseba freistar David», måleri Jean-Léon Gérôme, ca. 1889

Batseba var dotter av Eliam i Andre Samuelsbok 11:3, men som er kalla for Ammiel i Første Krønikebok 3:5. Han er identifisert av ein del bibelforskarar med Eliam nemnd i Andre Samuelsbok 23:34 som son av Gilo, ein av dei fremste krigarane til David. Batseba var gift med hettitten Uria, og etterpå David, som ho fekk sonen Salomo med. Han følgde David som konge.

Forteljinga om David si forføring av Batseba er fortald i Andre Samuelsbok 11, men er ikkje med i Krønikebøkene. Soga fortel at David, medan han gjekk rundt på taket av huset sitt, fekk sjå Batseba, kona til Uria, då ho bada. Han attrådde henne straks, og fekk henne henta til seg og gjorde henne gravid. I eit forsøk på å skjula synda si og unngå at Batseba blei dømt til døden for utruskap, sidan ho var blitt gravid medan mannen var borte, fekk han kalla til seg Uria frå hæren i håp om at Uria ville konsumera ekteskapet og tru at barnet var hans. Uria var derimot ikkje villig til bryta det gamle bodet om ikkje å forlata kampstaden til krigarar i aktiv teneste.[4] Framfor å gå heim til senga til kona si valde han å bli verande saman med medsoldatane sine. Etter fleire forsøk på å lokka Uria til liggja med Batseba, gav David opp og gav hærføraren sin Joab ordre om at Uria skulle bli etterlaten blant fienden i ein utsett posisjon. Ironisk nok fekk David Uria sjølv til å frakta beskjeden om ordren. Uria blei drepen i kamp, og David kunne så gifta seg med enka hans.

Batseba, Salomo, profeten Natan og Abisjag ved sjukeleiet til den aldrande David, ca. 1435

Gud var vreid over synda til David, og sende profeten sin Natan for å klandra kongen. Etter å ha fortalt likninga om den rike mannen som tok det einaste lammet til den fattige naboen sin, og etter å ha høyrt sinnet til kongen mot denne urettferdig handlinga, opplyste profeten at den same urette handlinga hadde David sjølv gjort.[5] Kongen innrømte då synda si og uttrykte anger. Batseba fødde ein son, men den felles synda deira blei straffa av Gud gjennom at barnet sjukna og døydde etter nokre få dagar.

Natan sa òg at huset til David ville bli straffa på grunn av drapet på Uria, noko som heimsøkte David seinare då den mest elska sonen hans Absalom leidde eit opprør som førte kongedømet inn i borgarkrig. I tillegg til å manifestera kravet sitt på å vera den nye kongen hadde Absalom offentleg samleie med ti av frillene til far sin, noko som kan reknast som ei direkte, tifaldig gjengjelding og straff for at David tidlegare hadde tatt kona til ein annan mann. Absalom blei seinare drepen av hærføraren til David, i strid med ordrane hans. David blei straffa hardt for synda si, men Herren tok aldri miskunnet sitt heilt frå han.

I David sin alderdom sikra Batseba, med Natans hjelp og etter eit tidlegare løfte frå David, at sonen hennar Salomo skulle arva trona etter han framfor den eldste overlevande sonen hans Adonja, sjølv om Adonja hadde fødselsretten på si side.[6] Deretter fekk Salomo den eldre halvbroren sin Adonja drepen, etter at han hadde prøvd å undergrava Salomo.

I rabbinsk litteratur[endre | endre wikiteksten]

Midrasj har forklart Satan sin innverknad på det syndige forholdet mellom David og Batseba slik: Batseba bada, kanskje skjult bak eit teppe. Satan har form som ein fugl, og David som skyt etter fuglen, treff teppet og deler det. Slik blei venleiken hennar avslørt for han.[7]

I kristen litteratur[endre | endre wikiteksten]

I Evangeliet etter Matteus 1:6 i Det nye testamentet[8] blir Batseba direkte nemnt som ein av forfedrane til Jesus Kristus.

Kritiske tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Avsnitta der Batseba er nemnd i Bibelen er Andre Samuelsbok 11:2-12:24, og Fyrste Kongebok 1, 2. Begge er delar av dei eldste laga av tekstane i begge bøkene. Det er delar av det som bibelforskarane meiner tilhøyrer den hypotetiske «hoffhistoria om David», skrive av ein som stod svært nær hendingane, men som ikkje idealiserte David. Materialet har derfor eit innhald av høgare historisk verdi enn i dei seinare tekstlaga i dei same bøkene.

Dei einaste innskota i teksten som tek for seg forteljinga om Batseba er i ein del vers i dei tidlege delane av tolvte kapittel som høgjer den moralske tonen til profeten Natan si irettesetting av David, i følgje den tyske teologen Karl Budde («S. B. O. T.»), dei interpolerte delane er 12: 7, 8, og 10-12. I følgje med Friedrich Schwally heile 12: 1-15a er ein interpolering, og 12:. 15b skulle vore knytt direkte med 11: 27.[9] Det har ingen direkte innverknad på forteljinga som gjeld Batseba i seg sjølv. Krønikebøkene utelèt alle referansar til måten Batseba blei kona til David på, og nemner berre barna hennar som blei fødde i Jerusalem: Sjima, Sjobab, Natan og Salomo.[10]

Det er gjennom ætta til Davids og Batseba sin son Natan at Jesus kan spora slektskap tilbake til kong David, slik Evangeliet etter Lukas fortel. Dette blir motsagt av Evangeliet etter Matteus, som hevdar det er Salomo som er mellomleddet.[11] Dette er likevel berre ei tilsynelatande motseiing mellom ættetavlene til Jesus hjå Matteus og Lukas. Det finst to forklaringar på dette, den eine er at Matteus viser slekta til Josef medan Lukas viser den til Maria. Den andre er at den israelske odelsloven opererte med to typar slektsforhold. Om ein mann i eit felles hushald døydde barnlaus skulle ein av brørne hans oppreisa barn i hans stad, slik at ætta hans ikkje skulle forsvinna.[12] Dette barnet blei rekna som barnet og arvingen til den avdøde, sjølv om han altså ikkje var biologisk far. Etter denne arveloven er det Lukas som har rett, men biologisk er det Matteus som er korrekt. Dette blir forklart i Eusebius si kyrkjehistorie Historia Ecclesiastica.

Batseba, måleri av Karl Brullov, før 1852

Nokre bibelkommentarar har lagt skulda for utruskapen på Batseba, ikkje David. Sidan huset til Batseba neppe var meir enn 6 til 10 meter unna palasset til David, og folk på denne tida var særs sømelege i høve til å visa fram kroppen sin, indikerer det at Batseba må ha vist seg fram medvite. I staden for å ha vore eit uskuldig offer var ho ein forførar som la seg etter og lokka David slik at ho kunne kvitta seg med ektemannen sin og bli gift med kongen.[13] Det er ingen haldepunkt for denne forklaringa i forteljinga i Bibelen, der ein berre nemner David si attrå og dei følgjande komplikasjonane som førte til at mannen hennar måtte døy for å redda kvinna og barnet ho venta.[14]

Skulda til David er ikkje lagt fram uttrykkeleg i teksten frå byrjinga. I følgje Andre Samuelsbok 11: «Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, sende David ut Joab med mennene sine, heile Israels-hæren. Dei herja mellom ammonittane og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.»[15] Om David hadde fungert som hærførar i krigen ville ikkje hendinga ha skjedd.[16] Etter hendinga med Batseba kjem Natan si irettesetjing av kongen i Andre Samuelsbok 12 og dei påfølgjande hendingane. Etter hendinga finn det stad eit betydeleg skifte i perspektivet i forteljinga. David «er hovudsakleg underlagd hendingane framfor å styra dei».[17] Han er ikkje lenger i stand til kontrollera familien sin, og endar opp med å bli styrta frå trona av sonen sin Absalom. I Andre Samuelsbok 13 finn det etter nokre tolkingar stad ei anna irettesetjing av David. Det blir fortald at sonen til David, Amnon, valdtek systera si Tamar. Denne hendinga finn stad så kort tid etter hendinga med Batseba at det verker som om teksten dreg ein parallell mellom den seksuelle utruskapen til faren og det seksuelle forbodne forholdet til sonen. Det kan vera profetiet til Natan som blir oppfylt.[18]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den siste delen av namnet er i 1 Kong 1,15
    שֶׁבֶעŠǽḇæʿ
    og i 1 Krøn 3,5
    שׁוּעַŠû́aʿ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2 Sam 23,34
  2. 2 Sam 23,34; Jos 15,51
  3. Leithart, Peter J. A. (2003): Son to Me, An Exposition of 1 & 2 Samuel, Canon Press, s. 217
  4. Smith, Roberts) (1889): Religion of the Semites, ss. 455, 488.
  5. 2 Sam 12,1-6
  6. 1 Kong 1,11-31
  7. Sanhedrin 107a
  8. Matt 1,6
  9. Stades «Zeitschrift», xii. 154 et seq. Jf. H. P. Smith: i The International Critical Commentary on the Holy Scriptures of the Old and New Testaments: «Samuel»
  10. 1 Krøn 3,5
  11. Luk 3,31-32; Matt 1,6-7
  12. 5 Mos 25,5
  13. Bailey, Kenneth E. (2008): "Jesus Through Middle Eastern Eyes", InterVarsity Press, ss. 40-41.
  14. 2 Sam 11,5-15
  15. 2 Sam 11
  16. Coogan, Michael D. (2009): A Brief Introduction to the Old Testament. New York: Oxford University Press, ss. 210
  17. Coogan, Michael D. (2009): A Brief Introduction to the Old Testament. New York: Oxford University Press, ss. 208
  18. Coogan, Michael D. (2009): A Brief Introduction to the Old Testament. New York: Oxford University Press, s. 212