Battlerap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I battlerap kappast såkalla MC-ar, eller battlerapparar, mot kvarandre verbalt. Vanlegvis er det to ulike rapparar som improviserer ein nedsetjande tekst om kvarandre.

Referansar til konkurrenten sin utsjånad, seksuelle legning og klede er vanleg. I rett battlerap er det tilhøyrarane eller publikum som avgjer kven av dei to stridande som vinn tevlinga. DJ'en spelar instrumental musikk som MC'en rappar til. Stilen i battlerap er rå, hard og ofte mannssjåvinistisk. Det finst framleis ingen kjente kvinnelege battlerapparar.

Battlerap i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Axel «F'EM one» Purcell er den mest profilerte norske battlerapparen; han har vunne Str8 Spittin (norsk meisterskap) tre år på rad med ein aggressiv, engelskspråkleg stil. På norsk vert vanlegvis Nils m/ Skillz, D-Wize og Definite rekna som dei største.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]