Baula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baula
fjell
none  Baula i juli 2006
Baula i juli 2006
Land Flag of Iceland.svg Island
Fjelltype Batolitt
Høgd 934 moh
Bergartar frå 3,5 millionar år
Siste utbrot 3,5 millionar år sidan
Koordinatar 64°53′N 21°24′WKoordinatar: 64°53′N 21°24′W
Wikimedia Commons: Baula
Fjellet Baula

Baula (uttale: bøyla med trykk på fyrste staving) er eit fjell vest på Island med ein noko rar utsjånad. Det har ein raudaktig farge på grunn av ryolittbergarten han består av. Fjellet ligg ved hringvegur, den islandske ringvegen. Bifröst universitet og det vakre krateret til Grábrók ligg i nærleiken.

Geologisk er fjellet klassifisert som ein intrusjon, eller eit batolittisk fjell, som er ein masse av stein som har vorte kasta oppover til overflata frå djupt inne i jorda. Ein har estimert at dette utbrotet skjedde for 3,5 millionar år sidan.

Baula har ein nesten perfekt kjegle og i nærleiken ligg Litla-Baula der ein kan sjå søyler av ryolitt. Baula og Litla-Baula vert stundom skildra som det vakraste fjellparet på Island.

Andre døme på liknande fjell på Island er MælifellSnæfellsnes og Hlíðarfjall nær Mývatn nord i landet.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]