Bautastein Indre Steinnes

Koordinatar: 62°13′40″N 5°59′04″E / 62.227754°N 5.984449°E / 62.227754; 5.984449
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°13′40″N 5°59′04″E / 62.227754°N 5.984449°E / 62.227754; 5.984449

Bautastein 1 på Indre Steinnes i Ørsta kommune. I bakgrunnen, til høgre, ser ein litt av Raudøya i Ørsta.
Bautastein 2 på Indre Steinnes i Ørsta kommune. I bakgrunnen ser ein Liadal og bygda Håvoll.

Bautasteinane på Indre Steinnes er plassert på Indre Steinnes i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Steinane er datert til jarnalder og er freda etter kulturminnelova (kulturminne 55234) (Fetts fk.nr. 1/2-3)

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Dei to steinane står i og ved steingarden som markerer bytet mellom dei to bruka på gard nr 62. Utan om ei innskrift frå nyare dato, er det ikkje funne spor etter skrift eller andre teikn på steinane.

Bautastein nr 1 står om lag 8,5 m ovanfor stein nr 2, og er 2,5 m høg og 0,4 m brei.
Dette er den høgaste og slankaste steinen. Han står i steingarden som i dag markerer bytet mellom bruk nr 1 og 2, og han står truleg på den same staden der han i si tid vart reist. I ein utskiftingsprotokoll frå 1895 vart steinen nytta som referansepunkt for den nye grensa mellom bruka, og det er difor nokså sikkert at han i alle fall ikkje er blitt flytta på, etter den tid.

Bautastein nr 2 står nærast sjøen og er 2,1 m høg og 0,8 m brei.
Den steinen låg nede, truleg frå lang tid tilbake. I 1883 vart steinen reist opp att av Anders Rasmussen Steinnes (1841-1934) og lærar og kyrkjesangar John Rasmussen Løvik (1858-1898). Dei hogg då inn namna sine på steinen slik:

A.Stennes
J.R.Løvik 1883

Det er ei overlevering om at dei to sette opp steinen der rotenden låg. Den gongen fanst ikkje steingarden, og det blir sagt at bautasteinen då vart ståande om lag 1 m nord om der steingarden kom seinare, dvs på bruk nr 2.

Ein tredje stein[endre | endre wikiteksten]

Ved ymse høve har det vore omtala at det skulle ha funnest ein tredje bautastein nær dei to andre steinane på Indre Steinnes. Ei mogeleg forklaring finn vi i ein notat av Nicolai Steinnes frå 1982, om ein stor stein som stod nedanfor dei to bautasteinane, nærare sjøen. Dette skal ha vore ein tjukk stein, om lag 1,65 m høg og han stod med halling nedover. Han var 80 cm brei og 55 cm tjukk og stod om lag 50 cm djupt. Nicolai Steinnes var i tvil om dette var ein bautastein, eller berre ein naturleg kampestein.

Etter skap, storleik og plassering, kunne dette likevel ha vore ein bautastein. Det kan tenkast at ein naturleg stein hadde ei plassering og ein utsjånad som gjorde at han vart teken i bruk som ein bautastein. Sjølv om steinen var kortare enn dei andre, stod han likevel slik at han var godt synleg, til liks med dei andre to steinane lenger oppe, og han skal ha hatt ei monumental form. Steinen vart sprengt bort i samband med dyrking av området, truleg litt før 1920.

Gravfelt[endre | endre wikiteksten]

På neset der bautasteinane står, fanst det før i tida særs mange gravrøyser. I det minste var der 10 store røyser, mellom dei ei langrøys som var 22 m lang og 7 m brei, og området hadde preg av å vere eit gravfelt, truleg frå jarnalderen eller tidlegare tider.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • «Mi gamle grend» Skrift nr 22 (2013) Hovdebygda soge- og velferdslag
  • «Bautasteiner på Sunnmøre: en analyse av steinenes betydning og funksjon i tid og rom» av Trude Knutzen (2004)
  • Opplysningar frå eit skriftleg notat av Nicolai Steinnes, Ørsta (1905-1998)
  • Førhistoriske minne på Sunnmøre Ørsta prestegjeld av Per Fett (1950)
  • Bautastein Indre Steinnes i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren