Bautasteinar i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bautasteinen ved Fylkesmannsgarden på Nybø i Leikanger kommune vart på 1900-talet flytta to gonger. No står han på ei flate nede ved sjøen, om lag 100 meter vest for bygningane. Foto Hermund Kleppa/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Bautastein på Austrheim

Bautastein i Gloppen kommune med jarnalder-helleristningar datert til kring år 400 e.Kr., overgangen mellom romartid og folkevandringstid.[1]

  • Bautastein på Ytrehornsnakken

Denne bautaen i Hornindal kommune vart i høve grunnlovsjubileet 1914 reist til minne om ein gamal veteplass på Ytrehornsnakken.[2]

  • Bautastein ved Fresvik kyrkje

Ved kyrkja i Fresvik står ein bautastein som vart reist 17. mai 1913 til minne om dei ti frå bygda som kjempa i krigen mot svenskane i 1807-1814.[3]

  • Bautastein på Balahaugen

18. mai 1887 vart det reist ein bautastein ved bjørka på den gamle gravhaugen på Balahaugen i Balestrand.[4]

  • Bautastein i Kleppeneset

Denne bautasteinen skal ha vorte reist av Ingolf Arnarson før han utvandra til Island.[5]

  • Bautastein på Antonshogen

Bautasteinen på Antonshogen i Instedalen står ved vegen til Svorstølen. Steinen vart reist i 1914 til minne om to brør som var med i krigen mot Sverige i åra 1807-1814: Anders Andersson, fødd 1788, som fall, og broren Simon (1790-1886) som kom heim att og tok over heimegarden.[6]

  • Bautastein på Furebøen (gamal tingstad)

På Furebøen i Angedalen finn ein Førde kommune sin einaste bautastein. Denne er om lag 2,5 meter og er om lag 1500 år gamal[7]

  • Bautastein over Stårheimsætta

Like ved kyrkja på Stårheim står ein høg bautastein reist til minne om folk og ætter som bygde og budde på Stårheim i Mellomalderen og fostra kongsemne og riksstyrar. Dei to meste kjende av dei er dronning Ingrid gift med lendmannen Arne frå Stårheim og bisp Nikolas Arneson, ein av sønene deira.[8]

  • Bautastein på Indre Hamre

Hamre var ein av storgardane på Leikanger i gamal tid og ein finn mange gravhaugar og gravfunn her.[9]

  • Bautastein på Indrehus

På Indrehus på nordsida av Midtgulen i Bremanger kommune står ein bautastein tett attmed riksvegen.[10]

  • Bautastein over Lærdalske lette infanteri-kompagni

På Øyramarki på Lærdalsøyri står ein 6 meter høg bautastein, reist i 1902 til minne om ei militæravdeling i ufredsåra 1807-1814. Øyramarki var ekserserplass til 1874. Vegnamna Telthusvegen, Løytnant Lem-vegen og Kaptein Jürgensen-vegen er minne om militærtida på Lærdalsøyri.[11]

  • Bautastein på Nybø

Bautasteinen på Nybø frå jernalderen (500 f. Kr. - 1050 e.Kr) står nedmed sjøen eit kort stykke vest for bygningane i Fylkesmannsgarden. Han vart flytta to gonger på 1900-talet i samband med vegbygging. I 1941 vart det grave ut fleire jernalder-graver i området rundt bautasteinen.[12]

  • Kyrkjebautaen på Bakken i Hyen

I 1950 reiste Hyen sokneråd ein stein til minne om den gamle mellomalderkyrkja og den gamle kyrkjestaden på Bakken i Hope, Hyen.[13]

  • Bautastein frå Nornes på Sogn Folkemuseum

Nornes i Sogndal kommune stod det lenge fleire eldgamle bautasteinar. Biskop Neumann nemner tre fyrst på 1800-talet. I.C. Dahl festa ein til lerretet i 1827, og ein er i dag å sjå på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. [14]

  • Bautastein i Holmedal

Sommaren 1999 berga Harald Bakke i Holmedal ein bautastein frå å hamna på djupna. Steinen hadde lege i fjøresteinane og år for år kome lenger og lenger ut mot brådjupet. Eitt år seinare vart steinen sett opp attmed to gravhaugar som ligg nedmed sjøen på garden Bakke.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eikenes, Arne (2002) frå Kulturhistorisk Leksikon: Bautasteinen på Austrheim
  2. Tomasgard, Paul O. (2001) frå Kulturhistorisk leksikon: Ytrehornsnakken - og bautaen der
  3. Sæbø, Arne Inge (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen ved Fresvik kyrkje
  4. Urtegaard, Gunnar (1999) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen på Balahaugen
  5. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Stadnamndatabasen
  6. Lunde, Harald Jar (2001) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen på Antonshogen
  7. Kulturnett Sogn og Fjordane: Bautastein retta oppatt på Furebøen i Førde, arkivert frå originalen 22. februar 2014, henta 12. februar 2014 
  8. Kleppa, Hermund (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bauta over Stårheimsætta
  9. NRK sogn og Fjordnane, Fylkesleksikon: Gravhaugar for storfolk på Hamre
  10. Sogn og Fjordane fylkeskommune (2008): Rapport frå kulturhistorisk synfaring/registrering (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. februar 2014, henta 12. februar 2014 
  11. Kleppa, Hermund (2000) Bautastein over Lærdalske lette infanteri-kompagni
  12. Kleppa, Hermund (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen på Nybø
  13. Heimset, Magnar (2002), Kulturhistorisk leksikon: Kyrkjebautaen på Bakken i Hyen
  14. Kleppa, Hermund (2003) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautastein frå Nornes på Sogn Folkemuseum
  15. Kleppa, Hermund (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautastein i Holmedal