Bavenitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bavenitt er eit kvitt til svakt farga beryllium-mineral, som særleg opptrer i granittpegmatittar saman med beryll. I Noreg er det til dømes kjent frå ein slik førekomst ved Boksjø i Østfold. Det vart opphavleg funne i druserom i ein granitt ved Baveno i Italia, som har gjeve opphav til namnet, og seinare funne på tilsvarande måte i drammensgranitten i Oslofeltet. Mineralet krystalliserer rombisk, med den kjemiske formelen Ca4Be2Al2Si9O26(OH)2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]