Bay of Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. oktober 2011 kl. 23:15 av 46.212.174.9 (diskusjon)
Bay of Islands.
Koordinatar: 35°12′S 174°10′E / 35.200°S 174.167°E / -35.200; 174.167
Russell i Bay of Islands.
Kerikeri i Bay of Islands.
Stone Store, St James og Mission House

Bay of Islands er ei havbukt i regionen NorthlandNordøyaNew Zealand. Ho ligg 60 km nordvest for Whangarei.

Bay of Islands er eit av dei mest populære reisemåla for sportsfiske og segling i landet, og er også svært attraktivt for generell turisme. Området har vore internasjonalt kjent for sportsfiske sidan den amerikanske forfattaren Zane Grey skreiv om det på 1930-talet.

Geografi

Bukta har eit uregelmessig, 16 km breitt innløp på nordaustkysten til Nordøya. Ho er ei naturleg hamn med fleire armar som strekkjer seg inn i landet; dei største er Waikare Inlet i sør og Kerikeri Inlet og Te Puna Inlet (Mangonui) i nordvest. Den vesle byen Russell ligg i enden av ei kort halvøy som strekkjer seg inn i bukta frå søraust. Fleire øyer ligg nord for denne halvøya, Urupukapuka Island i aust og Moturoa Island i nord er dei største. Halvøya Purerua Peninsula strekkjer seg mot vest i bukta, nord for Te Puna Inlet, og ei anna halvøy, Cape Brett Peninsula, går 10 km ut i Stillehavet ved austenden av bukta.

Historikk

Den første europearen som kom til området, var kaptein James Cook, som namngav det i 1769. Bay of Islands var det første området på New Zealand som vart busett av europearar. Kvalfangarar kom dit sist på 1700-talet, og dei første misjonærane i 1814. Det første fullbods europeiske barnet som ein har oppteikningar om vart fødd på New Zealand, var Thomas King, som vart fødd i 1815 i Oihi Bay i Bay of Islands. (Der er påstandar om at ei europeisk jente vart fødd tidlegare, i busetnaden Dusky SoundSørøya, men desse er ikkje stadfesta.)

Området har mange interessante historiske busetnader, t.d. Paihia, Russell, og Kerikeri. Russell, tidlegare kjend som Kororareka, var den første permanente europeiske busetnaden i New Zealand, og skriv seg frå tidleg på 1800-talet. Kerikeri har mange historiske stader frå den tidlegaste europeiske busetjinga: Mission House, også kalla Kemp House, er den eldste trebygningen i New Zealand, og Stone Store, eit tidlegare varehus, den eldste steinbygningen i landet. Bygginga av den siste starta 19. april 1832.

Kuriosa

I ei undersøking i 2006, fann ein at Bay of Islands hadde den nest blåaste himmelen i verda, etter Rio de Janeiro.[1]

Referansar

  1. http://optics.org/articles/news/12/8/2/1

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bay of Islands