Hvalbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bay of Whales)
Hvalbukta
Bay of Whales
bukt
Isbrytar ved ishamna i Hvalbukta.
Land  New Zealand
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 78°30′S 164°20′W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Hvalbukta
78°30′0″ S 164°19′59″ W
Hvalbukta is located in Antarktis
Hvalbukta (Antarktis)
Wikimedia Commons: Bay of Whales

Hvalbukta (engelsk Bay of Whales) er ei naturleg ishamn føre Rossisen like nord for Roosevelt Island i Antarktis. Ho er det sørlegaste punktet med ope hav ikkje berre i Rosshavet, men i heile verda. Rosshavet strekkjer seg mykje lenger sørover, så langt som til Gold Coast, kring 320 km frå Sørpolen, men dette området er stort sett dekt av Rossisen og ikkje ope hav.

Oppdaging og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Hvalbukta

Ernest Shackleton gav bukta namn den 24. januar 1908 under Nimrod-ekspedisjonen, på grunn av dei mange kvalane som vart sett nær bukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under kappløpet mot Sørpolen, oppretta Roald Amundsen ein mellombels base, som han kalla Framheim, ved Hvalbukta. Basen vart nytta mellom januar 1911–februar 1912.[1]

Hvalbukta har òg vore logistisk base for fleire andre viktige antarktiskekspedisjonar, som:

Hvalbukta skiftar kontinuerleg form. Ei landmåling gjort under den andre Byrd-ekspedisjonen i 1934 fann ut at bukta låg i kryssinga mellom to forskjellige issystem, og rørsla deira er påverka av Roosevelt Island som ligg i nærleiken. Offiseren Glen Jacobsen i USN, som vitja bukta ombord på USS «Atka» i januar 1955, fann ut at kalving frå isbremmen gjorde at ein då ikkje kunne nytte ishamna.

Hvalbukta vart heilt øydelagd i 1987 då eit 159 km langt isfjell braut laus frå Rossisen.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]