Bayelsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bayelsa
delstat
Flagg
Land  Nigeria
Hovudstad Yenagoa
Areal 10 773 km²
Folketal 1 703 358  (2006)
Kart
Bayelsa
4°45′00″N 6°05′00″E / 4.75°N 6.0833333333333°E / 4.75; 6.0833333333333
Wikimedia Commons: Bayelsa State

Bayelsa er ein delstat i Nigeria som ligg sør i landet ved Beninbukta. Staten blei skipa i 1996 etter å tidlegare ha vore del av delstaten Rivers. Namnet er sett saman av førstestavingane i dei tre lokalstyreområda Brass, Yenagoa og Sagbama.[1] Administrasjonssenteret i delstaten ligg i Yenagoa.

Den største folkegruppa i Bayelsa er ijawfolk, ei av dei ti største folkegruppene i Nigeria. Andre folkegrupper er urhobo og isoko.[1]

Den tidlegare presidenten i Nigeria Goodluck Jonathan er frå delstaten. Han var guvernør i Bayelsa i perioden 9. desember 2005 til 28. mai 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Overview of Bayelsa – Niger Delta Budget Monitoring Group (på engelsk), henta 14. april 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bayelsa