Bayerischer Wald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bayerischer Wald
fjellkjed
Land  Tyskland
Kart
Bayerischer Wald
49°0′0″ N 12°40′0″ E
Wikimedia Commons: Bayerischer Wald
Resultat av sur nedbør i Bayerischer Wald

Bayerischer Wald (norsk 'Den bayerske skogen') er ei låg fjellkjede i Bayern i Tyskland. Ho strekkjer seg langs grensa til Tsjekkia og held fram på den tsjekkiske sida som Böhmerwald. Geografisk er Bayerischer Wald og Böhmerwald same fjellkjede.

Det høgaste fjellet er Großer Arber på 1 456 meter over havet. Den største elva er Regen, som vert danna der elvane Kvite Regen og Svarte Regen renn i hop, og ho renn ut av fjella mot byen Regensburg.

Eit 240 km² stort område av Bayerischer Wald er omgjort til nasjonalpark. Han vart grunnlagd i 1970 og var den første nasjonalparken i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°00′N 12°40′E