Bayou Country

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bayou Country
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Utgjeve 5. januar 1969[1]
Innspelt Oktober 1968
Studio RCA Studios i Hollywood[2]
Sjanger
Lengd 33:58
Selskap Fantasy
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
Creedence Clearwater Revival
(1968)
Bayou Country Green River
(1969)


Singlar frå Bayou Country
  1. «Proud Mary»
    Utgjeve: Januar 1969[1]
  2. «Born on the Bayou»
    Utgjeve: 5. januar 1969

Bayou Country er det andre studioalbumet av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut på Fantasy Records i januar 1969, og var det første av tre CCR-album dette året.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter ti år der dei hadde slite med å slå igjennom som The Blue Velvets og The Golliwogs, fekk songaren og gitaristen John Fogerty, broren hans og gitaristen Tom Fogerty, bassisten Stu Cook og trommeslagaren Doug Clifford ein hit med «Susie Q», som nådde 11. plassen på den amerikanske singellista i juni 1968 under namnet Creedence Clearwater Revival. Det sjølvoppkalla debutalbumet deira nådde 52. plassen på den amerikanske albumlista til Billboard. Trass i denne suksessen var det alt no byrja å bli misnøye mellom dei fire medlemmane fordi John Fogerty tok total kontroll over bandet. Fogerty fortalte til Rolling Stone i 1993: «Det var eit punkt der me var ferdig med det første albumet. Alle hadde lytta til mine råd. Eg trur ikkje nokon tenkte for mykje på det. Men då me skulle lage det andre albumet, Bayou Country, hadde mein ein stor krangel. Alle ønskte å syngje, skrive songar, lage sine eigne arrangement, og alt slikt. Dette var etter me hadde slite i ti år. No var med her. Andy Warhol sine femten minuttar i rampelyset. 'Suzie Q' var den største suksessen me hadde hatt. Han var sjølvsagt ikkje så stor, men eg ønskte ikkje gå attende til jobben på bilvaskeriet.»

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Bayou Country inneheld ein av dei mest kjende songane John Fogerty skreiv, «Proud Mary», som nådde andreplassen på singellista. I eit intervju i 1969 sa Fogerty at han skreiv songen på to dagar etter han var ferdig med tenesta i Nasjonalgarden.[4] I fotnotane til 2008-utgåva av Bayou Country, forklarte Joel Selvin at riffa på «Proud Mary», «Born on the Bayou» og «Keep on Chooglin'» vart laga av Fogerty på ein konsert i Avalon Ballroom, og «Proud Mary» vart arrangert frå delar av forskjellige songar, mellom ein om ei «vaskekvinne kalla Mary».[5] Linja «Left a good job in the city» vart skriven etter at Fogerty var ferdig i Nasjonalgarden og linja «rollin' on the river» var frå ein film av Will Rogers.[6] I Macintosh-programmet «Garage Band» forklarte Fogerty at han likte Den femte symfonien til Beethoven, og ønskte å opne ein song med ein liknande intro, noko han gjorde på «Proud Mary». I eit intervju med Harold Steinblatt i Guitar World i 1998 forklarte Fogerty at han forstod at songen var den første verkeleg bra songen han hadde skrive. Gitarsoloen på songen skildra han som «meg som prøver å vere Steve Cropper», gitaristen frå Booker T. & the M.G.'s. Songen vart raskt hylla av mange andre artistar. Solomon Burke fekk ein mindre hit med songen i 1969 og ein radikalt omarrangert versjon kom ut på Ike and Tina Turner-albumet Workin' Together i 1971. Bob Dylan sa til Rolling Stone i 1969 at det var favorittsongen hans det året.

I 1970 fortalte Fogerty til Pop Chronicles: «'Born on the Bayou' kunne minna litt om 'Porterville,' om ein mytisk barndom og ei varm tid, fjerde juli. Eg sette han til ein sump der eg sjølvsagt aldri har budd. 'Chasing down a hoodoo.' Hoodoo er ein magisk, mystisk and, som eit spøkjelse eller ein skugge, ikkje nødvendigvis vond, men heilt klart frå ei anna verd. Eg fekk nokre av bileta frå Howlin' Wolf og Muddy Waters[7] I eit intervju med Jeb Wright i Classic Rock Revisited sa Stu Clifford: «Favorittsongen min av dei me gjorde var 'Born on the Bayou.' Framleis når eg høyrer den songen så seier eg 'Det er eg som spelar på den.' Det er rart. Songen har så mykje sjel.»

I tillegg fleire av originalsongane til Fogerty, inneheld Bayou Country ein stormande versjon av Little Richard sin «Good Golly Miss Molly». «Keep On Chooglin'», full av seksuelle hint, vart ofte framført som avslutningssongen på konsertane sine.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[8]
Rolling Stone original(nøytral)[9]
Rolling Stone nyutgjeving3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[9]

I ei tidleg melding meinte Rolling Stone at albumet leid av å vere inkonsistent. «Dei bra spora er verkeleg bra, men dei dårlege er rett og slett ikkje gode nok.»[10] Magasinet var positiv til tittelsporet «Born on the Bayou» og «Proud Mary», men meinte resten av songane ikkje var originale nok. Totalt sett rekna dei albumet som «ikkje sterkt nok, men Creedence Clearwater Revival speler med nok entusiasme til at det ikkje blir noko stort problem.»[10] Magasinet skreiv ei ny melding av albumet i høve 40-årsjubileumsutgåva i 2008, og gav då albumet 3,5 av fem stjerner.[11]

AllMusic gav albumet 4,5 av 5 stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv: «Det opnar langsamt med den mørke og sumpaktige 'Born on the Bayou', og syner Creedence Clearwater Revival som eit overtydande band som har funne røysta si mellom det første og andre albumet. Det er ikkje berre det at 'Born on the Bayou' annonserer at CCR har oppdaga stilen sin - det syner omfanget av myteskapinga til John Fogerty.»[8]

Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[12]

Albumet selde til gullplate i USA 16. desember 1970, og nådde dobbel platina den 13. desember 1990.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[14][15][16]
Produksjon[2][14]
  • John Fogerty – produsent, arrangement
  • Chris Clough – samleprodusent
  • George Horn – ommastering
  • Basul Parik – plateomslag
  • Hank McGill – lydteknikar
  • Tamaki Beck - oversyn over mastering
  • Kevin Gray, Steve Hoffman, Shigeo Miyamoto – mastering
  • Joel Selvin – notisar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Canada (RPM Top 50)[17] 14
Frankrike (InfoDisc)[18] 1
US Billboard 200[19] 7
US Billboard R&B Albums[19] 41
Liste (1970) Plassering
UK (The Official Charts Company)[20] 62

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US Hot 100 UK Top 40
Januar
1969
«Proud Mary»/
«Born on the Bayou»
2 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Chronicle: The 20 Greatest Hits (CD booklet). Creedence Clearwater Revival. USA: Fantasy Records. 1991. FCD-CCR2-2. 
  2. 2,0 2,1 Selvin, Joel (2008). Bayou Country [Expanded Reissue] (PDF) (CD liner). Creedence Clearwater Revival. United States: Concord Music Group. FAN-30877-02. Arkivert frå originalen (PDF) 21. september 2011. 
  3. Valdez, Stephen K. (2006). A History of Rock Music. Kendall/Hunt Publishing Company. s. 166. ISBN 978-0-7575-3379-2. 
  4. John Fogerty intervjua på Pop Chronicles (1970)
  5. Selvin, Joel (2008). Bayou Country [Expanded Reissue] (PDF) (CD booklet). Creedence Clearwater Revival. U.S.A.: Concord Music Group. FAN-30877-02. Arkivert frå originalen (PDF) 21. september 2011. 
  6. Michael Goldberg (1993). Jann S. Wenner, red. «Fortunate Son: John Fogerty - The 1993 Rolling Stone Interview». Rolling Stone (United States: Jann S. Wenner). Henta 18. september 2020. 
  7. Finding Fogerty: Interdisciplinary Readings of John Fogerty and Creedence ... - Google Books
  8. 8,0 8,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Review «Bayou Country»». AllMusic. Henta 16. september 2020. 
  9. 9,0 9,1 Rezos, Ray (2. mars 1973). «Creedence Clearwater Revival Bayou Country Album Review». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Henta 22. januar 2016. 
  10. 10,0 10,1 Ray Rezos (2. mars 1973). «Creedence Clearwater Revival - Bayou Country». Rolling Stone. 
  11. Barry Waters (2. oktober 2008). «Creedence Clearwater Revival Bayou Country (Reissue) Album Review». Rolling Stone. Henta 18. september 2020. 
  12. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  13. «American album salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Bayou Country». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  14. 14,0 14,1 «Bayou Country > Credits». AllMusic Guide. Henta 18. september 2020. 
  15. Hank Bordowitz (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago, Illinois: Chicago Review Press, Incorporated. p. 69. ISBN 978-1-55652-661-9.
  16. Fogerty, J, 2015. Fortunate Son: My Life, My Music. 1st ed. U.K.: Hachette.
  17. «RPM – Item Display: Top Albums/CDs – Volume 11, No. 4, 24. mars 1969». Library and Archives Canada. 31. mars 2004. Arkivert frå originalen (.Php) 20. oktober 2012. Henta 26. november 2010. 
  18. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Infodisc.fr. Henta 9. januar 2012. 
  19. 19,0 19,1 «Creedence Clearwater revival – Billboard Albums». AllMusic. United States. Henta 25. november 2010. 
  20. «Creedence Clearwater Revival – Bayou Country». Official Charts Company. Henta 9. januar 2012.