Bayt al-Faqih

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 14°30′58″N 43°10′28″E
Bayt al-Faqīh
بيت الفـــقية
by
Bayt al-Faqih market.jpg
Marknad i Bayt al-Faqih
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Al Hudaydah guvernement
Koordinatar 14°30′58″N 43°10′28″E
Folketal 41 652
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Wikimedia Commons: Bayt al-Faqih

Bayt al-Faqīh eller Beit al-Faqih[1] (arabisk بيت الفـــقية Bayt al-Faqīh, 'huset til juristen') er ein by i Al Hudaydah guvernement i Jemen. Han ligg langs pilegrims- og handelsruta over Tihamah-sletta mellom Al Hudaydah og Ta'izz. Han ligg 50 km sør for Al Hudaydah og 150 km sørvest for den jemenittiske hovudstaden Sana'a, 122 meter over havet. Byen har litt over 40 000 innbyggjarar.

Ein Zaranig-mann.

Sjølv om dei fleste innbyggjarane i dag arbeider med veving eller smykkeindustrien, var byen historisk kjend for kaffiproduksjon, som vart eksportert gjennom hamna i Mokka. Fredagsmarknaden (souk) er ein leivning av den ein gong så blømande kaffihandelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wild, Antony (2005). Coffee: A Dark History. W. W. Norton. s. 105. ISBN 0-393-06071-3. Henta 30. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bayt al-Faqih